søndag 2. mai 2010

Eksamensarbeid

Sosial Web + Kunnskapsløftet = Sant



Eksamensfilm DKL104, våren 2010.

YuoTube: Sosial Web-film






Eg har vore så heldig å fått vere deltakar i ei dyktig og driftig studiegruppe. På eksamensinnleveringa vår landa vi på å lage ein film. Arbeidsoppgåvene våre har tidlegare gått svært godt, og vi fekk fine tilbakemeldingar. Men filmproduksjon var nytt for mange, og vi tok det som ei utfordring for å lære mest mogeleg.

Vi valde å lage ein ny film som skulle forankrast trygt innafor pensum i studiet vårt. Etter gode diskusjonar på Skype ser produktmålet ut til å bli:
Vi vil lage ein film om ein ungdom sin bruk av sosiale media og digitale verktøy kvar dag sett opp i mot nokre av Kunnskapsløftet sine kunnskapsmål om dette, og vise at nokre kunnskapsmål kjem til ungdomane utan at dei er klar over det.
Prosjektplanen gjekk fint å lage. Eg hadde ansvaret for å lage Milepælsplan. Då delte eg prosjektet i 3 og laga Gantt-diagram og ansvarskart over Prosjektet, Prosjektplanen, Proguktet og Prosjektrapporten. Det var svært kjekt og lærerikt. Her er nokre av dei:






Den siste samling på Høgskulen i Volda gjekk også fint. Vi la fram planen vår, og fekk nokre tilbakemeldingar. På fredagen hadde vi brainstorming om filmen, og så laga vi eit Synopsis.

Etter det har vi følgt tidstabellen i Gantt-diagrammet og ansvarskartet. Hjørdis og eg skulle lage Storyboard. Vi laga ein kladd og delte den med dei andre på Google-docs. Der vart det nokre endringar, og så møttest Hjørdis og eg for å lage ferdig Story-boardet. Det tok sine timar, men det var svært nyttig å ha då vi skulle filme. Her er eit par døme:



Filminga og filmen vart eg svært nøgd med. Den vert publisert i bloggen "Frå sans til samling". Eg ser med glede og iver fram til å inspirere lærarar ved skulen vår til filmproduksjon, og eg gleder meg til å gjere det sjølv ilag med elevane mine i Ørsta. Tusen takk for eit svært lærerikt og nyttig studium.

søndag 11. april 2010

Video med døden til følgje.

Oppgåve A3

Så er siste oppgåve innlevert. Denne gongen handla det om filmproduksjon. Gruppa vår på 4 deltakarar har hatt det lærerikt og kjempegøy. Vi har laga ein film med alt det førearbeid som må gjerast for at filmen skal verte vellykka. Det er verkeleg nyttig det eg har lært dette semesteret. Eg har allereie brukt kunnskapane mine i å produsere ein film sjølv, og eg har assistert ein lærar ved 7. årssteget på skulen min til å lage reklamefilm i klassa. Så eg gleder meg til å kurse kollegaane ved skulen min, og inspirere dei til filmlaging.



Arbeidet med A3 har vi presentert i bloggen "Frå sans til samling". Her er ei lenkje til den:
Blogginnlegg om filmen "Valget".

mandag 5. april 2010

Samling HiVolda 18.-19.mars

Videoproduksjon er eit svært nyttig og interessant tema. Skulen eg arbeider ved har gjort innkjøp av videokamera, så no er eg veldig ivrig etter å lære mest mogeleg. Egil Vadla, læraren i dette emnet, er dyktig og inspirerande. Han hjelper og gir praktiske råd, og det er fint.

Gruppa vår prøvde ut Medialinja sitt kamera, og så tok vi opp eit par korte filmar etter at vi hadde øvd oss ei stund. Vi prøvde å legge ei lita handling i filmane og filme frå ulike vinklar og avstandar. Så øvde vi oss på redigering og legge til tekst og musikk i starten og slutten.

Øvingsoppgåva har eg lagt ut på YouTube og heiter "Masterutdanning"

tirsdag 30. mars 2010

Dynetrekkskifting, Veke 10 - 11

FILM

Så er vi godt igang med filmarbeidet. No skal eg presentere øvingsoppgåvene mine om film.

Øvingsoppgåve 1:

Her er eit synopsis av filmen laga i programmet "Celtx".

Synopsis
Ei dame, (dynetrekkskiftings-ekspert), vil lage eit kurs gjennom ein film om korleis ein skal skifte dynetrekk på ei seng. Kurset skal vere så enkelt at til og med far kan greie det. Etter at dynetrekket er lagt på og dama er gått ut, så kjem nettopp far, sengesnikaren, snikande inn og legg seg i senga.

Øvingsoppgåve 2:

MANUS Laga i programmet "Celtx".

int. soverom. dag

Eg nyttar forkortingane:NB = nærbilete
HNB = halvnært bilete
HTB = halvtotalt bilete
TB = totalbilete

Alle scenene av senga er tatt med overvinkling for å få best mogeleg med handlinga.

Dynetrekkskiftings-eksperten opnar døra og år inn. Ho forklarer kva ho skal gjere. Så tek ho opp dynetrekk og deretter dyna. Ho legg bort dyna og bretter utdynetrekket.

TB - HNB - HTB Filme frå senge-enden.

DynetrekkSKIFTINGS-EKSPERT:

No skal eg ha eit kurs i å ha på dynetrekk på ei seng. Og kurset er så enkelt at sjølv far kan klare det. Då må du aller først ha eit dynetrekk. Det ser slik ut. Så må du ha ei dyne. Den tek du ut.

HNB Filme frå sida av senga (bak eksperten).

DynetrekkSKIFTINGS-EKSPERT:

Då må du først brette ut dynetrekket og leite fram opninga. Så tek vi dyna. Og då kjem det viktige. Ta tak i eine enden av dyna, brett saman hjørna og press midten av dyna inn i eine handa.

HTB Filme frå enden av senga.

DynetrekkSKIFTINGS-EKSPERT:

Så tek du tak i dynetrekket og stappar dyna inni nedover mot fotenden. Då er det viktig at du får hjørnet på dyna inni hjørnet på dynetrekket. Hald godt fast. Så tek du det andre hjørnet med handa di og puttar det inni det andre hjørnet og tar godt tak. Så legg du det ned.

TB Filme frå enden av senga.

DynetrekkSKIFTINGS-EKSPERT:

Så tek du tak i den andre enden av dyna og gjer det samme men på motsatt side. Sånn. Så kjem det viktigaste,- å riste på plass dyna.

Fade ut.

HTB Filme frå sida av senga (bak eksperten).

Dynetrekkskiftings-eksperten rister dyna og legg dyna på plass.

HTB Filme frå enden av senga.

DynetrekkSKIFTINGS-EKSPERT:

Sånn. Då er dyna klar, så då er det berre å reie henne opp. Sånn. Og då er det deilig å leggje seg oppi.
Ferdig!

Eksperten går ut. Fade ut.

INT. SOVEROM. Seinare.

HTB Sengesnikaren kjen inn, listar seg mot senga og legg seg oppi.

Sengesnikar:

Ååhhhh!

HTB Zoome inn til NB. Filme frå sida av senga. Nærbilete av ansiktet til sengesnikaren som søv. Så blonker han med eine auget.

Fade ut.

Øvingsoppgåve 3:

Storyboard:

Øvingsoppgåve 4:

Opptaksplan:








Øvingsoppgåve 5: (Oppg. 1 + 2 + 3 + 4 v.11)

Film: Dynetrekkskifting:

Lenkje frå YouTube: Dynetrekkskifting4.flv


søndag 7. mars 2010

Nettavisa Digit-talt


Gruppe 2: Erling Sørheim, Morten Rolfsen, Hjørdis Almelid Vikenes og Siv-Mette Møller

Innleiande runde

I denne gruppeoppgåva har vi laga ei nettavis som vi har kalt Digit-talt. Vi har brukt Skype som samtalestad og eit googledokument til å finne fellestider for møta våre og andre dokument til å samskrive i. Dette har fungert svært godt. I arbeidet med produksjonen har vi valt å publisere alt ope etter kvart som vi har fått sakene og bilda ferdig. På den måten har vi i samarbeid bearbeidd alle sakene. Vi valde også å la alle journalistane få tilgong som redaktørar, slik at alle fekk lære det same når det gjeld det å redigere og publisere/avpublisere saker.
Lese-runden

Før vi fekk utdelt oppgåve-lyden til A2 vart det laga ein timeplan til arbeidet med A2. I denne timeplanen skulle vi alle skrive inn når vi var tilgjengelege, og når det var mogleg å få til fellesmøter for heile gruppa. Det vart også oppretta eit fellesdokument i Googledocs, der vi kunne skrive inn tankar som vi gjorde undervegs.
Det vart avtalt at vi skulle ha første møtet på onsdag 17. februar, då skulle alle ha lest gjennom leksjonane og oppgåvelyden. Vi skulle også ha gjort oss opp nokre tankar om kva vi såg for oss at vi ville ha med i avisa vår.
Under første nettmøtet vårt på Skype kom det opp fleire idear om kva artiklar vi kunne tenke oss å ha med i avisa vår. Og dei fleste var vel klar for å starte på Feature- og Nyheitsartiklane. Det vart også avtalt at desse skulle vere ferdige og delte med dei andre på gruppa til eit gitt tidspunkt. Dette for at redaktøren skulle få starte å skrive på sin redaktør-artikkel, noko som ikkje ho kunne gjere før alle var ferdige.
Nett-runden

Vi kom alle med eit forslag til namn på nettavisa. Den beste idéen meinte vi var "Digit-talt." Namnet vart laga i bilderedigeringsprogrammet Gimp2, og sett inn som heading. Biletet som vi la bak i header og footer vart også designa i Gimp2. På framsida vår ville vi også ha eit collage-bilete som gav eit visuelt inntrykk av innhaldet i avisa. Denne vart laga med ulike digitale medier. På sidefelta laga vi personleg utforming på både lenkjene til nettavisa, redaktørane og journalistane. Nedst på framsida presenterer vi oss sjølve i både tekst og bilete gjennom slideshow frå Picasaweb. I hovudfeltet på framsida ville vi ha redaktørartikkelen med bilete. Dei andre artiklane ville vi ha klikkbare i høgre marg. Sjølve artiklane i avisa vart laga i skrifttypen "Verdana". Alle brukte samme skrifttype, storleik og blokkjustering. Dette vart gjort for at nettavisa skulle sjå heilheitleg og fin ut. Dei 2 siste artiklane laga vi om til 2-spaltarar for at avisa skulle bli utfylt og komplett.
Arbeids-runden

I arbeidet med avisa, har ein tenkt langs to aksar: Det første var idé-runden med innspel til kva saker ein kunne tenkje seg å skrive. Det andre var omsyna ein måtte ta når det gjeld publisering. Då er det fleire ting som regulerer kva ein kan leggje ut om andre på nett, mellom anna Vær Varsom-plakaten og Redaktørplakaten.
Til collage på framsida av avisa, vart det nytta ei nettside for opphavsklarert materiale. Ellers har vi alle teke bilete til artiklane våre sjølve. Dette for å sleppe å ta omsyn til opphavsrett og slike ting. Det vart innhenta munnleg løyve til å nytte bileta som er teke av born i avisa vår.
Publiserings-runden

Redaktørane delte passord med journalistane slik at alle fekk legge inn sine eigne artiklar. Dette var lærerikt for alle i gruppa, ikkje minst å kunne sjå korleis ein publiserer, og legg inn bilete. Vi tenkte også at om alle skulle gjere dette ved eit seinare høve, var det greit å ha kjennskap til dette. Vi har også valt å gjere det mogleg å dele artiklane på Facebook, slik at vi kanskje treff eit større publikum.
"Avrundingen"
Vi har samarbeidd bra med denne nettavisa og alle føler at dei har lært noko. Det har vore ein lærerrik prosess, der alle har deltatt med ulik kompetanse på dei ulike områda i prosessen, og summen av dette synest vi har blitt bra. I tillegg synest vi at vi har fått god kompetanse til å lage ei nettavis i ein klasse eller på ein skule. Gruppa synest denne avisa kan vere nyttig å lese for andre lærarar, og kanskje andre som kunne vere interessert i korleis digitale media vert nytta i skulen. Vi har gledd oss til Skype-møta og har hatt det både morosamt og utfordrande undervegs. Saman har vi laga eit digitalt uttrykk som vi sjølve synest har vorte bra ut i frå dei digitale dugleikane vi har tileigna oss. Så fell domen over nettavis i form av ei tilbakemelding frå faglærar. Vi gler oss til å lese kommentaren!

tirsdag 16. februar 2010

Avisartiklar, Veke7

Oppgåve:
Finn ett til to eksempler på :
• Nyhetsartikkel
◦ Kommenter: Hva er det som gjør dette til en nyhetsartikkel?
(skrivemodell, nyhetskriterier, objektivitet)
• Feature
◦ Kommenter: Hva er det som gjør dette til en feature-artikkel?
(skrivemodell, kjennetegn til feature, objektivitet)
Ta utgangspunkt i relevant fagstoff, og skriv et innlegg i din studieblogg der du lenker til
artiklene og kommenterer.

Feature:
Eg stoppa opp ved ein artikkel i Bergens Tidende. Den heiter "På loffen i Kambodsja." Dette ser eg på som ein feature-artikkel. Eg finn innslag av både feature-reportasje og temaartikkel i denne artikkelen. Journalisten er inne i historia og hendinga heile tida. Det er ein "soft" artikkel som både gir oss kunnskap om Kambodsja, og om opplevingane og nærleiken til denne familien. Skrivestilen er forteljande i presens. Artikkelen har underoverskrifter, og der er fine bilete med bilettekst. Vi får høyre ei historie, og her er karakteristiske skildringar av menneske og miljø. Spenninga er delt utover i artikkelen, og eg får lyst til å lese alt.

Eg hadde også leita opp ein feature-artikkel i Dagbladet. "Du tuller med meg nå?"
og ein i Aftenposten: "En match laget i kino-himmelen."

Nyheitsartikkel:
Det ser ut som at dei fleste artiklane på nettet er nyheitsartiklar. Her er ein artikkel frå Aftenposten: "Friskmelder Oslo-vannet". Veldig ofte får vi inntrykk av at det må vere noko forferdeleg for at det skal vere ei nyheit. Men det går godt an at positive ting kan bli skrive som ein nyheitsartikkel. I dette tilfellet har artikkelen stor aktualitet. Vatnet har vore dårleg, men akkurat no er det friskmeldt. Artikkelen har dermed også stor aktualitetsverdi. Saka har også nærleik til mange folk. Konsonansen er også oppfylt sidan situasjonen no er under kontroll og har vorte slik folk meiner det skal vere.
Artikkelen er skriven etter omvendt pyramide-prinsippet. Der er ei slagkraftig overskrift, og dei viktigaste opplysingane kjem først i artikkelen, og er kort og konsist formulerte. Saka er objektivt skrive, og vi får ikkje inntrykk av nærleiken til journalisten. Skrivemodellen er at fagfolk fortel om kva som har skjedd, og korleis stoda er.

En annan nyheitsartikkel (negativ), kan til dømes vere: "Krever svar etter Dubai-likvidering".

mandag 15. februar 2010

Design, Veke 6

No er arbeidet med Web Design komen igang. Horton&Lynch skreiv i 2009:
"The first step in designing any web site is to define your goals. Without a clearly
stated mission and objectives, the project will drift, bog down, or continue past an
appropriate endpoint."
(Horton&Lynch,2009)
Planlegging, målsetting og prosjektstyring må nok vere i boks før ein startar det praktiske arbeidet med å designe ei webside.
I den fyrste oppgåva vert vi utfordra til å studere nokre lenkjer. Eg finn mange av dei svært aktuelle, konkrete og givande for den målgruppa dei siktar til.

Horvei Elektro har ei minimalistisk og nøktern side. Den kunne gjerne vore meir omfattande både i tekst og i design. Men der står akkurat det vi treng å vite når vi skal nå tak i ein elektrikar. Biletet var også ok. Horvei Elektro.

Arngren er stikk motsatt av Horvei. Her er så pålessa med annonser at eg vil helst skunde meg ut av sida. For meg verkar dette rotete. Det må gå an å presentere varene sine på ein mykje meir elegant måte. Dei får presentert mange varer, men sida er ikkje tiltrekkande. Arngren.

Sunnmørstausa har verkeleg ei heimeside der barnemiljøet er i sentrum. Flotte Ole Brum-bakgrunn og supre bilete. For meg vert det litt "feminint". Litt for mykje glitter og stas,- og kva i all verden har reklame for Libresse der å gjere? Eg er også skeptisk til å legge ut bilete av halvnakne born på internett. Sunnmørstausa.