Øvingsoppgåve 1
Eg trur nok at dersom Søby, Erstad, Karlsen og Wølner, Krumsvik og Balzersen skulle kommentere kvarandre sine definisjonar på digital kompetanse, så ville dei sjå klåre divergensar. Eg trur også at dei ville finne sin eigen definisjon mest dekkjande og dermed best. Men eg finn store likskapar. Dei 4 førstnemnde har alle med orda ferdigheter, kunnskaper og holdninger i definisjonane sine. Søby nemner kreativitet, og Karlsen og Wølner nemner verktøy i læreprosessen. Både Krumsvik og Balzersen bruker andre ord i definisjonane sine. Krumsvik nemner læringsstrategier/metakognisjon + digital danning. Balzersen er mellom anna inne på kildekritisk navigeringskompetanse, digital bearbeidingskompetanse og digital samarbeidskompetanse.
Eg måtte nok bruke mykje meir plass for å grunngi ulikskapar i definisjonane til desse mennene. Sjølv om mange av orda er ulike, så er dei ganske samde om innhaldet i definisjonen på digital kompetanse.
Personleg har eg jobba mest med definisjonen til Søby og liker den godt. Men eg liker enkle og klare ord i definisjonar, og derfor vil eg framheve definisjonen i Stortingsmelding 30:
"Digital kompetanse er summen av enkle IKTferdigheter, som det å lese, skrive og regne, og mer avanserte ferdigheter som sikrer en kreativ og kritisk bruk av digitale verktøy og medier. IKTferdigheter omfatter det å ta i bruk programvare, søke, lokalisere, omforme og kontrollere informasjon fra ulike digitale kilder, mens den kritiske og kreative evnen også fordrer evnen til evaluering, kildekritikk, fortolkning og analyse av digitale sjangrer og medieformer. Totalt sett kan digital kompetanse dermed betraktes som en meget sammensatt kompetanse." (UFD, 2003 s.48)
_____________________________________________
UFD (2003) Stortingsmelding nr 30, 2003-2004, Kultur for læring. Undervisnings- og
Forskningsdepartementet [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.regjeringen.no/Rpub/STM/20032004/030/PDFS/STM200320040030000DDDPDFS.pdf [Lasta ned 14.10. 2009]
onsdag 14. oktober 2009
søndag 11. oktober 2009
Mediekultur ved min skule, Veke 41
Øvingsoppgåve 2:
"Dersom skulen for det første framleis har skrifta og boka som fremste kulturelle objekt for læring, sjølv om visuelle medier har tatt over mykje av barne- og ungdomskulturen rundt skulen, og for det andre nyttar PC-en knytt til avgrensa område og spesifikke verdiar knytt til skriftskulturen, blir neste spørsmålet kven sin mediekultur som blir akseptert i skulen.
Tenk gjennom korleis dette er på din skule og i ditt kollegium. Opnar ein for å trekkje elevane sin mediekultur inn i undervisninga? På kva måtar? Kva sett grenser for å få til dette?"
Når det gjeld mediekultur, så har lenge den kritiske mediekulturen vore dominerande. "Ein kan kople denne tenkinga til eit kognitivt læringsperspektiv der ein i undervisninga skal byggje på den enkelte eleven sine evner og ferdigheiter." (Erstad 2005).
Ved min skule har vi god dekning med PC-ar. Vi har ca. 4 PC-ar i kvart klasserom, vi har 2 datarom og vi har 2 traller med bærbare PC-ar. Det vert omlag 2 elevar for kvar PC. Bruken av datamaskin har auka jamnt og trutt. Dei fyrste skuleåra er det mykje opptrening i bruk av datamaskin, enkle programvare og faglege lenkjer på internett som er vanleg. Dette stemmer vel best med den amerikanske tradisjonen der læraren set kritiske grenser for kva elevane skal gjere for å utvikle faglege dugleikar.
Men i dei eldste årsstega ved min skule kan vi sjå meir variert og kreativ bruk av media. "Media literacy is the ability to access, understand and create communications in a variety of contexts." (Buckingham, 2003 s. 5).
Den kreative kompetansen vert meir vektlagt i denne europeiske medietradisjonen. Mykje av mediebruken ved min skule kan eg kjenne igjen gjennom kreativt arbeid. I programmet "West Point Bridge Designer" kan elevane byggje bruer. Elevane kan få oppgåve som å lage den finaste, sterkaste eller den billigaste brua. Då må elevane bruke kreativitet. I eit anna progam som heiter "Pivot" kan elevane lage animasjonar. Å lage ein animasjonsfilm er både utviklande, gjevande, og krev kreative tankar. Vi viser filmane til kvarandre og dermed inspirerer kvarandre i vidare fantasi og utvikling. Dette å lage eige medieprodukt er ein komponent som Svein Østerud finn viktig i "media literacy".
”Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper og holdningar ved bruk av digitale medier for mestring i det lærende samfunnet.” (Erstad, 2005 s. 12). I den nordiske mediekulturen er både ferdigheiter, danning og samarbeid vektlagde. Ved min skule får elevane ofte lage presentasonar om eit eller anna emne. Ofte kan dette vere gruppeoppgåver. Der står elevane fritt til å til finne kunnskap, leite fram bilete eller filmar som høver til emnet, redigere bileta i boletredigeringsprogram (Paint Shop Pro), sette saman alt i ein heilskap, og presentere resultatet for klassa. I slike arbeid vil elevane bruke ulike former for media kreativt. I siste veka før haustferien var eg ute i friminuttet og hadde vakt. Då dukka der opp elevar som tok ei mengde bilete og film om elevaktivitetar i friminutta. Dei heldt på samle stoff som dei skulle bruke vidare i timane. Så både Facebook, You Toube og eigne mediearbeid vert brukt i samarbeid med andre elevar og læraren. Dette finn eg svært interessant.
Alt i alt vil eg seie at vi har ein bra kreativ mediekultur ved min skule. Det som er utfordringa er at enkelte lærarar er redde for å sleppe seg lause frå læreboka. Nokre kjenner seg digitalt ukompetente. I tillegg har skulen ikkje filmkamera.
_______________________________________________________
Buckingham, David (2003): Media Education. Literacy, learning and Contemporary Culture. Cambridge, Polity Press
Erstad, Ola (2005): Digital kompetanse i skolen - en innføring. Oslo, Universitetsforlaget.

søndag 4. oktober 2009
Vert elevane digitalt kompetente i skulen? Veke 40
Digital kompetanse er eit vidtfattande omgrep. Søby definerer det som: "Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet." (Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen.
ITU, Universitetet i Oslo [Internett ] ). Dette er mykje meir enn å berre bruke digitale verkty. Sjølvsagt er det viktig med digitalt verkty. Både stasjonære og bærbare PC-ar må vere på plass i skulane i den grad det trengs. Det same gjeld digitale fotoapparat, - filmkamera og andre nødvendige digitale teknologiske apparat som ein får bruk for.
Men når det gjeld ordet "kompetanse", så går det vidare til å utvikle dugleikar, kunnskap og haldningar.
I skulen har vi i dag fått IT-utstyr i ganske store mengder. Sjølvsagt er det store variasjonar, men alt i alt har vi ein betre PC-dekning enn andre land.
"Nær 9 av 10 elever opplever at de har datamaskin når de har behov for det."
(ITU (2009) ITU Monitor 2009 - Skolens digitale tilstand, Oslo, Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning, [internett] )
I denne undersøkelsen kjem det også fram at elevane har ei årleg stigande kurve i bruken av PC-ar i timane på vidaregåande skule. Fram til 2007 var dette regelen også i grunnskulen, men frå 2007 til 2009 har det vore ein tilbakegang. Dermed kan vi tenkje oss at det er noko i artikkelen "Læreren er flaskehalsen". Der vert skulda lagt på læraren sin kompetanse og arbeidsmønster, og ei usystematisk skuleleiing.
Eg meiner det er feil å sjå på læraren som ei einsarta gruppe. I norsk skule har vi stor variasjon av digital kunnskap i lærarmassa. Nokre lærarar er eldsjeler som gjer sitt beste i å integrere digitale hjelpemiddel i dei fleste timane. Desse lærarane er gjerne dei som prøver å inspirere andre til å gjere likeeins. Men her er også mange lærarar som er utrygge i bruken av digitalt media. Resultatet kan då verte langt færre timar ved t.d. ein PC for elevane.
Heime er mange unge vant til å ha mange ulike media i aksjon samtidig. Det kan vere ein elev som gjer lekser medan han høyrer på musikk, ser på tv/film, surfar på internett og sender mobilmeldingar til kameratar samtidig. Denne digitale mediekulturen er viktig at skulen vert ein del av. I dei høve at lærarane er ein bremsekloss, så må dei våge å "sleppe taket" i timane. Lat elevane få bruke sine digitale kunnskapar innafor klare rammer slik at undervisinga og skulekvardagen vert meir digital. Då vert undervisinga meir på høgde med Kunnskapsløftet som seier at å bruke digitale verkty er ein av dei 5 digitale ferdigheiter. "Grunnleggende ferdigheter for grunnskolen".
Men til slutt kan eg ikkje gi all skuld til læraren for at elevane i norsk grunnskule er for lite digitalt kompetente. Skuleutvikling er først og fremst grunnlagt på dei haldningar og den inspirasjon som lærarane får frå skuleleiar. Viljen til å bruke til dømes data i timane er grunnlagt på dei planar og føringar lærarane får frå skulesjef og rektor. Infrastrukturen og rammevilkåra er også viktig. Men det er viktigast at det utstyret skulen har vert brukt,- helst kvar time. Og dette ansvaret må organiserast av den einskilde læraren.
_____________________________________________
KJELDER:
UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet – grep, Utdannings-og
forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/grep/Grunnleggende-ferdigheter/?visning=5
Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i
grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett ] Tilgjengeleg frå Utdanningsdirektoratet: http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf
ITU (2009) ITU Monitor 2009 - Skolens digitale tilstand, Oslo, Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning, [internett] Tilgjengeleg frå ITU: http://www.itu.no/filestore/Rapporter_-_PDF/ITU_monitor09_web.pdf
Aftenposten Nett, 19.10.2009 -Læreren er flaskehalsen, [Internett-artikkel], Tilgjengeleg frå: http://www.nrk.no/nyheter/1.6736536

Etiketter:
Digitalt kompetente elevar? veke 40,
DKL103,
Endring
Gratis programvare i skulen? veke 39
DKL-studiet som vi no tar, bygg på gratisprinsippet. Alle skal ha rett til ei utdanning utan at økonomien spelar inn. Denne tankegangen er sterkt rotfesta i norsk skule. Men vi må også ha i bakhovudet at det er vi (studentane) som skal forme skulen i framtida. Derfor er det svært viktig at alle studentar får sett og prøvd den teknologien som er tilgjengeleg. Vi kan ikkje kutte ut ei til dømes medieutdanning fordi turvande utstyr vil koste litt pengar. Eg ser det som svært viktig at alle studentar vert klare for å dra den norske skulen vidare med dagens teknologi. Det som er fint er at vi kan finne svært mykje nødvendig programvare tilgjengeleg gratis på internett. Dette er fint. Dermed kan vi stette den filosofien på DKL-studiet at alle skal få ei god og moderne utdanning samtidig med at det skal koste lite. Eg er einig i denne tankegangen.
Tanken om gratis skulegang er også rotfesta i grunnskulen. Der kan vi ikkje krevje til dømes at alle heimar skal kjøpe eit filmkamera fordi ein treng det i opplæringa. Men då er det viktig at skulen har utstyret tilgjengeleg og at elevane får bruke det på ein positiv, trygg og god måte. Dette gjeld alt arbeid med IKT. Vi er pliktige til å integrere bruk av IKT i alle fag. Det er svært viktig at dette vert følgt opp. Elevane får då høve til å oppnå kunnskap med bruk av menge ulike lærigsstrategiar. Dei får bruke utstyr som dei fleste kjenner frå livet utanfor skulen. Læringa vert meir spennande og interessant. Eit tips her er å bruke dei faglenkjene som er gratis på internett. Nesten alle forlag som sel skulebøker legg ut gode nettsider der elevane kan gjere aktuelle øvingar. Desse er både gratis greie å bruke. Eg vil oppfordre alle skular å ha ei godt oppdatert heimeside der lærarane kan leggje ut lenkjer til aktuelt stoff.
Så konklusjonen min vert at ein må byggje på gratisprinsippet i undervisinga, men også at ein må verte trent til å utvikle seg til morgondagens samfunn.

Digital plattform veke 39,
DKL 103,
Gratis programvare?
fredag 2. oktober 2009
Akademisk oppsett veke 38
NTNU (u.å) Skrive oppgave, Universitetsbiblioteket i Trondheim [Internett]. Tilgjengeleg
frå: http://www.ntnu.no/viko/mod7/mod7/ [Lasta ned 02.10.2009]
_________________________________________________________
Her har eg lagt til ein nettstad som tek m.a. opp korleis vi skal lage eit akademisk oppsett.
Når vi ser på innlegget til Peder Pedagog, så har han ikkje oppfylt desse krava. Ikkje har han vist til kjelder, og ikkje har han laga til noko akademisk oppsett.
I samme kjelde står det på side 20 i Modul 7:
"En oppgave på universitetet skal bestå av tre hoveddeler som til sammen danner en helhet. De tre hoveddelene er innledning, hoveddel og avslutning."
Dette manglar også Peder Pedagog i oppgåva si. Det siste punktet eg ville sagt til Peder Pedagog, er at han må lage hierarkiske inndelingar i punkt og underpunkt.
Det er sjølvsagt mykje meir eg kunne nemnt om akademisk oppsett, men eg vil halde meg her til desse hovudpunkta.
Etiketter:
Akademisk oppsett veke 38,
DKL 103,
innføringsleksjon 2
Refleksjonar omkring veke 37
Etter mange års veging fram og tilbake om eg skulle ta ei ekstra halvårseining, så tok eg i år ei endeleg avgjerd om at dette var lurt. Eg hadde frå før "IKT i skolen 1", så det var absolutt aktuelt å ta den andre halvårseininga. Dermed heiv eg meg uti det i år. Og det eg ser om pensumet og arbeidsmåtane gjer meg veldig engasjert. Innhaldet i DKL 103 ser veldig spennande ut, og arbeidsmåyane er mønsterverdige. Nettstudium gjer at eg kan arbeide på skulen samtidig som eg tek denne utdanninga. Samlingane i Volda vert veldig kjekke og nyttige. Der kan eg få trffe medstudentane og diskutere og samarbeide ansikt til ansikt. Denne kombinasjonen av pedagogisk bruk av IKT og skulesamlingar er svært tiltalande for meg.
Opplegget med tydelege og gode leksjonar er flott. Emnebloggar der vi kan kome med spørsmål og kommentarar er svært nyttige. Der kan vi finne svar på spørsmål som andre har spurt om. Øvingsoppgåver på Forum og Blogg er fine arbeidsmåtar som lett kan overførast til arbeidet som lærar i grunnskulen. Mappeoppgåver og gode tilbakemeldingar frå rettleiar er ein god arbeidsmåte for at eg kan betre meg.
Eg ser fram til å kunne bruke IKT-aspektet, kreativitetsaspektet og sosialaspektet i denne utdanninga.

innføringsleksjon1,
refleksjonar veke 37
Mediebruk i samfunnsfag
Vi er no på første samling i DKL 103. Denne fredagen har vi i mediekunnskap fått i oppgåve å sjekke kva læreplanane seier om bruk av media i skulen. Elisabeth og eg såg på Samfunnsfag. Der studerte vi pensumet opp til 4. årssteget.
Grunnleggende ferdigheter
Vi ser her at kunnskap i mediebruk og digitale verkty kjem først. Men når vi går inn på kompetansemåla i faget, så skal elevane presentere historiske emne ved hjelp av skrift, teikningar, bilete, film, modellar og digitale verktøy.
Konklusjonen er at planen krev både kunnskapar, haldningar og ferdigheiter.

Digital plattform,
DKL 103,
Mediebruk i samfunnsfag,
Mediedanning
Abonner på:
Innlegg (Atom)