torsdag 21. januar 2010

Produktmål om Digital kompetanse,Veke 3

Så er vi komne fram til emnet "Prosjektarbeid". Vi skal øve oss i det som er ein nyttig og mykje brukt arbeidsmåte i skulen.
Oppgåva er: "Du skal, for øvelse, og i første omgang uavhengig av gruppa.. formulere en problemstilling innenfor emneparaplyen Digital kompetanse".

Eg har valt å planlegge eit avisarbeid, og startar med å deffinere temaet:

Tema: Avis om digital kompetanse.

Så lagar eg ei målavgrensing.
Målavgrensing: Elevar på mellomsteget.

Temaet er altfor vidt, så eg må avgrense det.
Tematisk avgrensing: Bruke digitale verkty i ein avisartikkel.

No vil eg lage eit utkast til problemstilling.
Problemstilling: Korleis kan du bruke digitale verkty til å lage ein avisartikkel om skulen din?

Men her må det til ei presisering og ei avgrensing. Eg vil at det skal vere eit gruppearbeid, og eg vil avgrense oppgåva.
Avgrensing: Korleis kan ei elevgruppe på mellomsteget bruke PC og fotoapparat til å lage ein avisartikkel om friminuttsaktivitetarved skulen dykkar?

Orda "digital kompetanse" er altfor vidtspennande. Eg avgrensar dei til "planlegge, utføre og evaluere".
Avgrensing: Gjennom å planlegge, utføre og evaluere ein avisartikkel om friminuttsaktivitetar ved skulen,- korleis kan ei elevgruppe på 6.-7. årssteget bruke fotoapparat, PC og bilderedigeringsprogram til å lære meir om skulemiljøet i friminutta og om digital kompetanse?

Dette ser meir overkomeleg ut. Då er eg nesten klar til å lage eit produktmål.
Produktmål: Planlegg, utfør og evaluer ein avisartikkel om friminuttsaktivitetar ved skulen, slik at ei elevgruppe på 6.-7. årssteget blir flinkare til å bruke fotoapparat, PC og bilderedigeringsprogram til å lære meir om skulemiljøet i friminutta.

Eit produktmål må kunne målast om det vert oppnådd. I dette høvet kjem målinga av produktmåla fram gjennom evalueringa.

mandag 18. januar 2010

Vettenranta, Veke 2

Vettenranta har skrive ein svært interessant artikkel i boka "Mediedanning og mediepedagogikk". Han tar fram mange viktige moment som det nesten må skrivast ei avhandling om for å lage ein fullgod refleksjon. Her kjem fram at mange unge har ein sterk mediekultur. Dei er ofte ekspertar i mediebruk. Kva vl det resultere i i dagens skulekultur? Vil læraren føle seg trua, eller kan kunnskapane til elevane verte til nytte i skulen? Elevane treng meir enn verkty.
De trenger tid til refleksjon, stabilitet og mulighet til å lære empati og ansvar. Datamaskinen kan aldri erstatte den menneskelige interaksjonen og en anerkjennende dialog mellom lærer og elev. (Vettenranta, 2007 s.19)
Vettenranta peiker på at idealet om god danning må stå sentralt. Moral, etikk og ansvar er nøkkelord. Eleven skal bli eit fullverdig medlem av samfunnet. "En dannet mediebruker i dagens samfunn kan motstå press fra omgivelsene ved integritet og bevissthet om seg selv". (Ibid s.20)

Det er to syn på mediepedagogikk som står mot kvarandre. Det eine synet ser på farane og risikoane. Vettenranta nemner "..voldelige og seksuelle forestillinger ..., nettavhengighet, aggressivitet, muskelverk, manglende sosial trening, utarming av følelseslivet og fremmedgjøring for det virkelige liv". (Ibid, s.21)
Det er viktig at lærarar og skulesystemet har desse aspekta i bakhovudet. Men skulen skal spegle samfunnet og tida vi lever i. "IKT åpner for uendelige læringsmuligheter, bidrar til barnas utvikling, stimulerer til aktivitet og deltakelse, beriker fantasien og øker mulighetene for likeverd i samfunnet". (Ibid, s.21)

Dette siste poenget er viktig for meg. Mediefag og mediebruk er viktig for å få ein ein god skule med varierte læringsmiljø. "Læring er ikke lenger et spørsmål om formidling av fakta, men hvordan heller man kan skape nye læringsmiljøer, nye måter å skaffe og kombinere informasjon på". (Ibid, s.21)
________________________________________________

Vettenranta, S. (2007) Mot mediedysleksiens tidsalder?. S. Vettenranta (Red.),
Mediedanning og mediepedagogikk. Gyldendal Akademisk, Oslo.

mandag 11. januar 2010

Hensyn, veke 1

Det har vore svært interessant og givande å gjennomføre DKL103. No har vi kome til år 2010, og det er DKL104 som skal gjennomførast. Temaet denne veka er "Hensyn". Det er ei innføring i opphavsrett og personvern ved didktisk bruk av IKT.

I Øvingsoppgåve1 skal vi tenkje over spørsmålet om publisering av klassebilete og elevar/elevgrupper i ulike skulesituasjonar. Datatilsynet har gjort det heilt klart at klassebilete ikkje er lovleg å publisere på skulen si heimeside utan først å ha fått samtykke.
Dette betyr for eksempel at om en skole vil offentliggjøre klassebilder på sine hjemmesider, kan dette bare skje om et uttrykkelig samtykke innhentes fra alle de avbildede, og fra deres foresatte dersom elevene er under 15 år, på forhånd. (Datatilsynet, 2005)
Vi kan nok finne enkelte situasjonar der det er lovleg å publisere bilete på internett av andre personar.
Fotografi som avbilder en person kan ikke gjengis eller vises offentlig uten samtykke av den avbildede, unntatt når

a) avbildningen har aktuell og allmenn interesse,
b) avbildningen av personen er mindre viktig enn hovedinnholdet i bildet,
c) bildet gjengir forsamlinger, folketog i friluft eller forhold eller hendelser som har allmenn interesse,
d) eksemplar av avbildningen på vanlig måte vises som reklame for fotografens virksomhet og den avbildede ikke nedlegger forbud, eller
e) bildet brukes som omhandlet i § 23 første ledd tredje punktum eller § 27 andre ledd.
Vernet gjelder i den avbildedes levetid og 15 år etter utløpet av hans dødsår.(Åndsverklova, 1961 §45c)

Men hovudregelen er at skulane må ha eit aktivt samtykke frå både elevane og foreldra dersom elevane er under 15 år.

Når det gjeld Øvingsoppgåve2, må vi innhente løyve frå fotografen til å nytte det fotografiske biletet. "Eneretten til et fotografisk bilde varer i fotografens levetid og 15 år etter utløpet av hans dødsår, men likevel minst 50 år fra utløpet av det år bildet ble laget." (Åndsverklova, 1961 §43a) Men dersom det var eg som tok biletet, kunne eg publisere det på internett. Her er elevane ikkje gjenkjennbare.

I Øvingsoppgåve3 skulle eg lage eit samtykkeskjema for ein skule. Det kunne til dømes sjå slik ut:

Til heimane

___
_____ skule har ei flott heimeside på internett. I tillegg til bilete av skulen og viktige telefonnummer, er der

  • Informasjon frå rektor
  • Kalendar med melding om sentrale dagar og aktivitetar
  • Planar og reglar
  • Bilete og namn av tilsette ved skulen
  • Skuleavis
  • Eigne klassesider der dei m.a. kan legge ut prosjektarbeid, klasseavis, biletseriar, forum, filmsnuttar, halvårsplanar og vekeplanar.

Det som vert skrive om og lagt ut på klassesidene, vert stengt for utanforståande. Alle elevane har brukarnamn og passord. Dette må elevar og føresette logge seg på med for å kunne sjå det som ligg der. Det vert ikkje skrive namn av elevane som kan koplast til bilete av dei.

For å kunne vise skulen sitt arbeid, ber vi om løyve til å legge ut tekst, bilete og filmsnuttar av elevar og elevaktivitet på heimesida. Dersom du seinare angrar deg, har du rett til å trekkje løyvet tilbake. Detatilsynet har laga reglar for publisering av bilete på internett. Dei kan du lese her:
http://www.datatilsynet.no/templates/article____881.aspx



__________________ ____________________
rektor IKT-ansvarleg

_____________________
________________________
Svarslipp:

Eg gir med dette løyve til at _________ skule kan bruke tekst, bilete og filmsnuttar av eleven ________________ på skulen si heimeside.

Eleven går i klasse _____________

Dato: ______________

Namn på føresett: ____________________________


__________________________________________________

Kjelder:

Datatilsynet (2005) Bilder på Internett (Redaksjonell artikkel) [Internett].
Tilgjengeleg frå: http://www.datatilsynet.no/templates/article____881.aspx

Åndsverklova (1961) Lov om opphavsrett til åndsverk [Internett]. Tilgjengeleg frå
Lovdata: http://www.lovdata.no/all/hl-19610512-002.html