søndag 2. mai 2010

Eksamensarbeid

Sosial Web + Kunnskapsløftet = Sant



Eksamensfilm DKL104, våren 2010.

YuoTube: Sosial Web-film






Eg har vore så heldig å fått vere deltakar i ei dyktig og driftig studiegruppe. På eksamensinnleveringa vår landa vi på å lage ein film. Arbeidsoppgåvene våre har tidlegare gått svært godt, og vi fekk fine tilbakemeldingar. Men filmproduksjon var nytt for mange, og vi tok det som ei utfordring for å lære mest mogeleg.

Vi valde å lage ein ny film som skulle forankrast trygt innafor pensum i studiet vårt. Etter gode diskusjonar på Skype ser produktmålet ut til å bli:
Vi vil lage ein film om ein ungdom sin bruk av sosiale media og digitale verktøy kvar dag sett opp i mot nokre av Kunnskapsløftet sine kunnskapsmål om dette, og vise at nokre kunnskapsmål kjem til ungdomane utan at dei er klar over det.
Prosjektplanen gjekk fint å lage. Eg hadde ansvaret for å lage Milepælsplan. Då delte eg prosjektet i 3 og laga Gantt-diagram og ansvarskart over Prosjektet, Prosjektplanen, Proguktet og Prosjektrapporten. Det var svært kjekt og lærerikt. Her er nokre av dei:






Den siste samling på Høgskulen i Volda gjekk også fint. Vi la fram planen vår, og fekk nokre tilbakemeldingar. På fredagen hadde vi brainstorming om filmen, og så laga vi eit Synopsis.

Etter det har vi følgt tidstabellen i Gantt-diagrammet og ansvarskartet. Hjørdis og eg skulle lage Storyboard. Vi laga ein kladd og delte den med dei andre på Google-docs. Der vart det nokre endringar, og så møttest Hjørdis og eg for å lage ferdig Story-boardet. Det tok sine timar, men det var svært nyttig å ha då vi skulle filme. Her er eit par døme:



Filminga og filmen vart eg svært nøgd med. Den vert publisert i bloggen "Frå sans til samling". Eg ser med glede og iver fram til å inspirere lærarar ved skulen vår til filmproduksjon, og eg gleder meg til å gjere det sjølv ilag med elevane mine i Ørsta. Tusen takk for eit svært lærerikt og nyttig studium.