lørdag 14. november 2009

Digitale læringsmiljø, veke 46

Eg vil først starte med å kommentere ITU Monitor 2009 som leksjonen viser til.
I fylgje ITU Monitor 2009, er tilstanden når det gjeld bruk av IKT i skulen så
dårleg, at det går ut over elevane sin dugleik i alle fag. Ein stor del elevar
står utan digital kompetanse når dei skal over i vidaregåande skule.
Manglande digital kompetanse forsterkar sosiale skilje framfor å motverke
dei. ITU gjennomførte same type undersøking i 2007, og fann at
grunnskulen hang etter vidaregåande skule når det gjaldt integrering av IKT.
I høve til ITU Monitor 2007, har situasjonen generelt forverra seg, og
forskjellen på grunnskule og vidaregåande skule har altså auka i same
periode. ITU Monitor 2009 peikar på at fokus på PC-dekking i skulen ikkje
er nok – lærarane sin kompetanse og arbeidsmønster, samt skuleleiinga er
flaskehalsen i grunnskulen i dag.
Leksjonen "Vilkår for endring2", veke 42
Her er det nokre faktorar som eg har lyst å reflektere over.

1. ITU Monitor 2009 tar utgangspunkt i ei prøve om digital kompetanse som elevane må gjennomføre. Når det gjeld overgangen til vidaregåande skule, så har elevane hatt ei prøve på 9. trinn på 14 spørsmål. (ITU, 2009b s. 21) Eg stiller meg tvilande til at ei prøve på nokre få spørsmål kan brukast til å slike dramatiske setningar som eg viser til over. Det er ikkje tvil i mi sjel om at gjentatte prøver kan gi oss verdifull informasjon om stoda i skulen. Men eg ville heller ha laga fleire spørsmål. T.d. 100 spørsmål. Så ville eg ha utført ein praktisk test. Eg trur at mange elevar er flinkare til å vise ting praktisk enn å svare på ei teoretisk prøve der dei kanskje ikkje forstår essensen i spørsmåla.

2. Det neste eg vil kommentere, er at mange elevar står utan digital kompetanse. Lat oss sjå på denne digitale kompetansetrekanten:

(Baltzersen, R. K. 2009)
Dersom vi krev at elevane skal meistre alle desse kompetansane som ligg i denne trekanten før vi kan kalle dei digitalt kompetente, så forstår eg godt at nokre elevar ikkje er digitalt kompetente når dei er ferdige med ungdomsskulen. Men etter mi meining og etter mine erfaringar så har dei aller fleste elevane gode kompetansar når det gjeld dei to nedste delane av trekanten. I tillegg er det vanskeleg å lage ei teoretisk prøve om vurdering, bearbeiding, samarbeid og danning. Kanskje det hadde vore meir rettferdig overfor elevane om dei hadde fått demonstrert kompetansen sin i staden for å lage ei prøve om den.

3. Så vil eg kommentere at det er stor avstand mellom bruken av IKT i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Det er lett å tolke denne kommentaren negativt. Men elevane på vidaregåande har lettare tilgang på PC-ar i vidaregåande. 87% av elevane på VG2 seier dei har tilgang på datamaskin når dei har behov for det. (ITU, 2009b s. 6) Kanskje ulikskapen mellom grunnskulen og VG vil bli mindre vi har nått måla om full dekning av PC-ar i grunnskulen? Eg har vore med på å byggje opp PC-tettleken frå 1 : 3 til 1 : 2. Og mi erfaring tilseier at auke i PC-talet er ein av faktorane som fører til meir bruk av IKT i undervisinga.

4. Tvilen om bruken av IKT i grunnskulen er god nok, er eg heilt samd i. Eg vil særleg nemne kompetanseheving av lærarane. Så må formuleringane i læreplanane verte direkte forpliktande i skulen. Men vi må nok få ei full satsing på alle delane av kompetansehjulet til Søby.
(Søby, M. 2005 s. 9)

Eg hadde stor lyst til å reflektere over "Del og Bruk" og "PLUTO". Eg har sett svært gode resultat frå desse læringsmiljøa. Digital deling og digitale prosjekt vil auke interesse og tilgang på kunnskap. Slike faktorar hjelper til å få auka digitale læringsmiljø og digital kompetanse i skulen.
_____________________________________________________

Baltzersen, R. K. (2009) Digitalkompetansetrekant [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://rolfbaltzersen.blogspot.com/2009_06_01_archive.html

Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett ]. Tilgjengeleg frå Utdanningsdirektoratet: http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf

ITU (2009b) ITU Monitor 2009 Skolens digitale tilstand 2009 [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.itu.no/filestore/Rapporter_-_PDF/ITU_monitor09_web.pdf

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar