søndag 11. april 2010

Video med døden til følgje.

Oppgåve A3

Så er siste oppgåve innlevert. Denne gongen handla det om filmproduksjon. Gruppa vår på 4 deltakarar har hatt det lærerikt og kjempegøy. Vi har laga ein film med alt det førearbeid som må gjerast for at filmen skal verte vellykka. Det er verkeleg nyttig det eg har lært dette semesteret. Eg har allereie brukt kunnskapane mine i å produsere ein film sjølv, og eg har assistert ein lærar ved 7. årssteget på skulen min til å lage reklamefilm i klassa. Så eg gleder meg til å kurse kollegaane ved skulen min, og inspirere dei til filmlaging.



Arbeidet med A3 har vi presentert i bloggen "Frå sans til samling". Her er ei lenkje til den:
Blogginnlegg om filmen "Valget".

1 kommentar:

  1. Takk for at du stilde huset ditt til rådvelde under filmopptaket. Eigen veg med liten trafikk hadde du også. Slett ikkje verst! Takk også til kona di som let oss få god mat og varm drikke etter ei stund ute i kaldt men fint veir då vi skaut bilscene ute. Du er både flink, morosam og optimistisk og har eit stort talent både bakom og framom kamera.

    SvarSlett