søndag 2. mai 2010

Eksamensarbeid

Sosial Web + Kunnskapsløftet = Sant



Eksamensfilm DKL104, våren 2010.

YuoTube: Sosial Web-film






Eg har vore så heldig å fått vere deltakar i ei dyktig og driftig studiegruppe. På eksamensinnleveringa vår landa vi på å lage ein film. Arbeidsoppgåvene våre har tidlegare gått svært godt, og vi fekk fine tilbakemeldingar. Men filmproduksjon var nytt for mange, og vi tok det som ei utfordring for å lære mest mogeleg.

Vi valde å lage ein ny film som skulle forankrast trygt innafor pensum i studiet vårt. Etter gode diskusjonar på Skype ser produktmålet ut til å bli:
Vi vil lage ein film om ein ungdom sin bruk av sosiale media og digitale verktøy kvar dag sett opp i mot nokre av Kunnskapsløftet sine kunnskapsmål om dette, og vise at nokre kunnskapsmål kjem til ungdomane utan at dei er klar over det.
Prosjektplanen gjekk fint å lage. Eg hadde ansvaret for å lage Milepælsplan. Då delte eg prosjektet i 3 og laga Gantt-diagram og ansvarskart over Prosjektet, Prosjektplanen, Proguktet og Prosjektrapporten. Det var svært kjekt og lærerikt. Her er nokre av dei:






Den siste samling på Høgskulen i Volda gjekk også fint. Vi la fram planen vår, og fekk nokre tilbakemeldingar. På fredagen hadde vi brainstorming om filmen, og så laga vi eit Synopsis.

Etter det har vi følgt tidstabellen i Gantt-diagrammet og ansvarskartet. Hjørdis og eg skulle lage Storyboard. Vi laga ein kladd og delte den med dei andre på Google-docs. Der vart det nokre endringar, og så møttest Hjørdis og eg for å lage ferdig Story-boardet. Det tok sine timar, men det var svært nyttig å ha då vi skulle filme. Her er eit par døme:



Filminga og filmen vart eg svært nøgd med. Den vert publisert i bloggen "Frå sans til samling". Eg ser med glede og iver fram til å inspirere lærarar ved skulen vår til filmproduksjon, og eg gleder meg til å gjere det sjølv ilag med elevane mine i Ørsta. Tusen takk for eit svært lærerikt og nyttig studium.

søndag 11. april 2010

Video med døden til følgje.

Oppgåve A3

Så er siste oppgåve innlevert. Denne gongen handla det om filmproduksjon. Gruppa vår på 4 deltakarar har hatt det lærerikt og kjempegøy. Vi har laga ein film med alt det førearbeid som må gjerast for at filmen skal verte vellykka. Det er verkeleg nyttig det eg har lært dette semesteret. Eg har allereie brukt kunnskapane mine i å produsere ein film sjølv, og eg har assistert ein lærar ved 7. årssteget på skulen min til å lage reklamefilm i klassa. Så eg gleder meg til å kurse kollegaane ved skulen min, og inspirere dei til filmlaging.



Arbeidet med A3 har vi presentert i bloggen "Frå sans til samling". Her er ei lenkje til den:
Blogginnlegg om filmen "Valget".

mandag 5. april 2010

Samling HiVolda 18.-19.mars

Videoproduksjon er eit svært nyttig og interessant tema. Skulen eg arbeider ved har gjort innkjøp av videokamera, så no er eg veldig ivrig etter å lære mest mogeleg. Egil Vadla, læraren i dette emnet, er dyktig og inspirerande. Han hjelper og gir praktiske råd, og det er fint.

Gruppa vår prøvde ut Medialinja sitt kamera, og så tok vi opp eit par korte filmar etter at vi hadde øvd oss ei stund. Vi prøvde å legge ei lita handling i filmane og filme frå ulike vinklar og avstandar. Så øvde vi oss på redigering og legge til tekst og musikk i starten og slutten.

Øvingsoppgåva har eg lagt ut på YouTube og heiter "Masterutdanning"

tirsdag 30. mars 2010

Dynetrekkskifting, Veke 10 - 11

FILM

Så er vi godt igang med filmarbeidet. No skal eg presentere øvingsoppgåvene mine om film.

Øvingsoppgåve 1:

Her er eit synopsis av filmen laga i programmet "Celtx".

Synopsis
Ei dame, (dynetrekkskiftings-ekspert), vil lage eit kurs gjennom ein film om korleis ein skal skifte dynetrekk på ei seng. Kurset skal vere så enkelt at til og med far kan greie det. Etter at dynetrekket er lagt på og dama er gått ut, så kjem nettopp far, sengesnikaren, snikande inn og legg seg i senga.

Øvingsoppgåve 2:

MANUS Laga i programmet "Celtx".

int. soverom. dag

Eg nyttar forkortingane:NB = nærbilete
HNB = halvnært bilete
HTB = halvtotalt bilete
TB = totalbilete

Alle scenene av senga er tatt med overvinkling for å få best mogeleg med handlinga.

Dynetrekkskiftings-eksperten opnar døra og år inn. Ho forklarer kva ho skal gjere. Så tek ho opp dynetrekk og deretter dyna. Ho legg bort dyna og bretter utdynetrekket.

TB - HNB - HTB Filme frå senge-enden.

DynetrekkSKIFTINGS-EKSPERT:

No skal eg ha eit kurs i å ha på dynetrekk på ei seng. Og kurset er så enkelt at sjølv far kan klare det. Då må du aller først ha eit dynetrekk. Det ser slik ut. Så må du ha ei dyne. Den tek du ut.

HNB Filme frå sida av senga (bak eksperten).

DynetrekkSKIFTINGS-EKSPERT:

Då må du først brette ut dynetrekket og leite fram opninga. Så tek vi dyna. Og då kjem det viktige. Ta tak i eine enden av dyna, brett saman hjørna og press midten av dyna inn i eine handa.

HTB Filme frå enden av senga.

DynetrekkSKIFTINGS-EKSPERT:

Så tek du tak i dynetrekket og stappar dyna inni nedover mot fotenden. Då er det viktig at du får hjørnet på dyna inni hjørnet på dynetrekket. Hald godt fast. Så tek du det andre hjørnet med handa di og puttar det inni det andre hjørnet og tar godt tak. Så legg du det ned.

TB Filme frå enden av senga.

DynetrekkSKIFTINGS-EKSPERT:

Så tek du tak i den andre enden av dyna og gjer det samme men på motsatt side. Sånn. Så kjem det viktigaste,- å riste på plass dyna.

Fade ut.

HTB Filme frå sida av senga (bak eksperten).

Dynetrekkskiftings-eksperten rister dyna og legg dyna på plass.

HTB Filme frå enden av senga.

DynetrekkSKIFTINGS-EKSPERT:

Sånn. Då er dyna klar, så då er det berre å reie henne opp. Sånn. Og då er det deilig å leggje seg oppi.
Ferdig!

Eksperten går ut. Fade ut.

INT. SOVEROM. Seinare.

HTB Sengesnikaren kjen inn, listar seg mot senga og legg seg oppi.

Sengesnikar:

Ååhhhh!

HTB Zoome inn til NB. Filme frå sida av senga. Nærbilete av ansiktet til sengesnikaren som søv. Så blonker han med eine auget.

Fade ut.

Øvingsoppgåve 3:

Storyboard:

Øvingsoppgåve 4:

Opptaksplan:








Øvingsoppgåve 5: (Oppg. 1 + 2 + 3 + 4 v.11)

Film: Dynetrekkskifting:

Lenkje frå YouTube: Dynetrekkskifting4.flv


søndag 7. mars 2010

Nettavisa Digit-talt


Gruppe 2: Erling Sørheim, Morten Rolfsen, Hjørdis Almelid Vikenes og Siv-Mette Møller

Innleiande runde

I denne gruppeoppgåva har vi laga ei nettavis som vi har kalt Digit-talt. Vi har brukt Skype som samtalestad og eit googledokument til å finne fellestider for møta våre og andre dokument til å samskrive i. Dette har fungert svært godt. I arbeidet med produksjonen har vi valt å publisere alt ope etter kvart som vi har fått sakene og bilda ferdig. På den måten har vi i samarbeid bearbeidd alle sakene. Vi valde også å la alle journalistane få tilgong som redaktørar, slik at alle fekk lære det same når det gjeld det å redigere og publisere/avpublisere saker.
Lese-runden

Før vi fekk utdelt oppgåve-lyden til A2 vart det laga ein timeplan til arbeidet med A2. I denne timeplanen skulle vi alle skrive inn når vi var tilgjengelege, og når det var mogleg å få til fellesmøter for heile gruppa. Det vart også oppretta eit fellesdokument i Googledocs, der vi kunne skrive inn tankar som vi gjorde undervegs.
Det vart avtalt at vi skulle ha første møtet på onsdag 17. februar, då skulle alle ha lest gjennom leksjonane og oppgåvelyden. Vi skulle også ha gjort oss opp nokre tankar om kva vi såg for oss at vi ville ha med i avisa vår.
Under første nettmøtet vårt på Skype kom det opp fleire idear om kva artiklar vi kunne tenke oss å ha med i avisa vår. Og dei fleste var vel klar for å starte på Feature- og Nyheitsartiklane. Det vart også avtalt at desse skulle vere ferdige og delte med dei andre på gruppa til eit gitt tidspunkt. Dette for at redaktøren skulle få starte å skrive på sin redaktør-artikkel, noko som ikkje ho kunne gjere før alle var ferdige.
Nett-runden

Vi kom alle med eit forslag til namn på nettavisa. Den beste idéen meinte vi var "Digit-talt." Namnet vart laga i bilderedigeringsprogrammet Gimp2, og sett inn som heading. Biletet som vi la bak i header og footer vart også designa i Gimp2. På framsida vår ville vi også ha eit collage-bilete som gav eit visuelt inntrykk av innhaldet i avisa. Denne vart laga med ulike digitale medier. På sidefelta laga vi personleg utforming på både lenkjene til nettavisa, redaktørane og journalistane. Nedst på framsida presenterer vi oss sjølve i både tekst og bilete gjennom slideshow frå Picasaweb. I hovudfeltet på framsida ville vi ha redaktørartikkelen med bilete. Dei andre artiklane ville vi ha klikkbare i høgre marg. Sjølve artiklane i avisa vart laga i skrifttypen "Verdana". Alle brukte samme skrifttype, storleik og blokkjustering. Dette vart gjort for at nettavisa skulle sjå heilheitleg og fin ut. Dei 2 siste artiklane laga vi om til 2-spaltarar for at avisa skulle bli utfylt og komplett.
Arbeids-runden

I arbeidet med avisa, har ein tenkt langs to aksar: Det første var idé-runden med innspel til kva saker ein kunne tenkje seg å skrive. Det andre var omsyna ein måtte ta når det gjeld publisering. Då er det fleire ting som regulerer kva ein kan leggje ut om andre på nett, mellom anna Vær Varsom-plakaten og Redaktørplakaten.
Til collage på framsida av avisa, vart det nytta ei nettside for opphavsklarert materiale. Ellers har vi alle teke bilete til artiklane våre sjølve. Dette for å sleppe å ta omsyn til opphavsrett og slike ting. Det vart innhenta munnleg løyve til å nytte bileta som er teke av born i avisa vår.
Publiserings-runden

Redaktørane delte passord med journalistane slik at alle fekk legge inn sine eigne artiklar. Dette var lærerikt for alle i gruppa, ikkje minst å kunne sjå korleis ein publiserer, og legg inn bilete. Vi tenkte også at om alle skulle gjere dette ved eit seinare høve, var det greit å ha kjennskap til dette. Vi har også valt å gjere det mogleg å dele artiklane på Facebook, slik at vi kanskje treff eit større publikum.
"Avrundingen"
Vi har samarbeidd bra med denne nettavisa og alle føler at dei har lært noko. Det har vore ein lærerrik prosess, der alle har deltatt med ulik kompetanse på dei ulike områda i prosessen, og summen av dette synest vi har blitt bra. I tillegg synest vi at vi har fått god kompetanse til å lage ei nettavis i ein klasse eller på ein skule. Gruppa synest denne avisa kan vere nyttig å lese for andre lærarar, og kanskje andre som kunne vere interessert i korleis digitale media vert nytta i skulen. Vi har gledd oss til Skype-møta og har hatt det både morosamt og utfordrande undervegs. Saman har vi laga eit digitalt uttrykk som vi sjølve synest har vorte bra ut i frå dei digitale dugleikane vi har tileigna oss. Så fell domen over nettavis i form av ei tilbakemelding frå faglærar. Vi gler oss til å lese kommentaren!

tirsdag 16. februar 2010

Avisartiklar, Veke7

Oppgåve:
Finn ett til to eksempler på :
• Nyhetsartikkel
◦ Kommenter: Hva er det som gjør dette til en nyhetsartikkel?
(skrivemodell, nyhetskriterier, objektivitet)
• Feature
◦ Kommenter: Hva er det som gjør dette til en feature-artikkel?
(skrivemodell, kjennetegn til feature, objektivitet)
Ta utgangspunkt i relevant fagstoff, og skriv et innlegg i din studieblogg der du lenker til
artiklene og kommenterer.

Feature:
Eg stoppa opp ved ein artikkel i Bergens Tidende. Den heiter "På loffen i Kambodsja." Dette ser eg på som ein feature-artikkel. Eg finn innslag av både feature-reportasje og temaartikkel i denne artikkelen. Journalisten er inne i historia og hendinga heile tida. Det er ein "soft" artikkel som både gir oss kunnskap om Kambodsja, og om opplevingane og nærleiken til denne familien. Skrivestilen er forteljande i presens. Artikkelen har underoverskrifter, og der er fine bilete med bilettekst. Vi får høyre ei historie, og her er karakteristiske skildringar av menneske og miljø. Spenninga er delt utover i artikkelen, og eg får lyst til å lese alt.

Eg hadde også leita opp ein feature-artikkel i Dagbladet. "Du tuller med meg nå?"
og ein i Aftenposten: "En match laget i kino-himmelen."

Nyheitsartikkel:
Det ser ut som at dei fleste artiklane på nettet er nyheitsartiklar. Her er ein artikkel frå Aftenposten: "Friskmelder Oslo-vannet". Veldig ofte får vi inntrykk av at det må vere noko forferdeleg for at det skal vere ei nyheit. Men det går godt an at positive ting kan bli skrive som ein nyheitsartikkel. I dette tilfellet har artikkelen stor aktualitet. Vatnet har vore dårleg, men akkurat no er det friskmeldt. Artikkelen har dermed også stor aktualitetsverdi. Saka har også nærleik til mange folk. Konsonansen er også oppfylt sidan situasjonen no er under kontroll og har vorte slik folk meiner det skal vere.
Artikkelen er skriven etter omvendt pyramide-prinsippet. Der er ei slagkraftig overskrift, og dei viktigaste opplysingane kjem først i artikkelen, og er kort og konsist formulerte. Saka er objektivt skrive, og vi får ikkje inntrykk av nærleiken til journalisten. Skrivemodellen er at fagfolk fortel om kva som har skjedd, og korleis stoda er.

En annan nyheitsartikkel (negativ), kan til dømes vere: "Krever svar etter Dubai-likvidering".

mandag 15. februar 2010

Design, Veke 6

No er arbeidet med Web Design komen igang. Horton&Lynch skreiv i 2009:
"The first step in designing any web site is to define your goals. Without a clearly
stated mission and objectives, the project will drift, bog down, or continue past an
appropriate endpoint."
(Horton&Lynch,2009)
Planlegging, målsetting og prosjektstyring må nok vere i boks før ein startar det praktiske arbeidet med å designe ei webside.
I den fyrste oppgåva vert vi utfordra til å studere nokre lenkjer. Eg finn mange av dei svært aktuelle, konkrete og givande for den målgruppa dei siktar til.

Horvei Elektro har ei minimalistisk og nøktern side. Den kunne gjerne vore meir omfattande både i tekst og i design. Men der står akkurat det vi treng å vite når vi skal nå tak i ein elektrikar. Biletet var også ok. Horvei Elektro.

Arngren er stikk motsatt av Horvei. Her er så pålessa med annonser at eg vil helst skunde meg ut av sida. For meg verkar dette rotete. Det må gå an å presentere varene sine på ein mykje meir elegant måte. Dei får presentert mange varer, men sida er ikkje tiltrekkande. Arngren.

Sunnmørstausa har verkeleg ei heimeside der barnemiljøet er i sentrum. Flotte Ole Brum-bakgrunn og supre bilete. For meg vert det litt "feminint". Litt for mykje glitter og stas,- og kva i all verden har reklame for Libresse der å gjere? Eg er også skeptisk til å legge ut bilete av halvnakne born på internett. Sunnmørstausa.

fredag 12. februar 2010

Arbeidskravoppgåve 1, Podcast

Gabcast! Fra Sans til Samling #5 - Fra Sans til Samling

Radiopodcast laga av ei gruppe studenter i studiet DKL 104 våren 2010.

Så var fyrste arbeidskravoppgåve i boks. Eg må seie at gruppa har samarbeidt glimrande. Alle har planlagt ilag, og alle har gjort ein innsats for gruppa. Så langt eg kan sjå, så er alle alle klar for å ofre store deler av tida si for å få eit best mogeleg resultat. Vi har hatt titte møter på Scype, og vi har vore samla på Høgskulen i Volda. Dette resulterte i at i kom i mål i god tid, og alle er nøgde med resultatet. Så er det berre å glede seg til neste utfordring.

søndag 7. februar 2010

Sanninga om Raudhette og ulven, Samling1 05.01.10

Det vart ei svært spanande samling på Høgskulen i Volda 4. og 5. januar 2010. Gruppa vår skulle lage eit høyrespel. Det vart ei dramatisk episode med blanding av eventyr og krim. Vi presenterte opptaket i ein eigen blogg: Fra sans til samling.

Du kan også oppleve podcasten her:
Gabcast! Kanal Soerling #2 - Sanninga om Raudhette og ulven

fredag 5. februar 2010

Podcasttest Pamela veke 4

Gabcast! Kanal Soerling #3 - Panama-Pamela-test

Erling, Hjørdis og Morten tester ut Pamela.

Mykje av teoristoffet er i boks, og nyttige program som Skype, Pamela og Dropbox er på plass. Studiegruppa vår held flittige møter på Skype. Det har fungert over all forventing. Vi har kome fram til nyttige vedtak og avtalar. Diskusjonane går like lett her som om vi sat saman. Av og til kan vi vitse og spøke. Det er også viktig for å lage eit triveleg miljø og sveise gruppa godt saman. Her har eg lagt ut ei lydfil frå Gabcast-radioen min. Eg har klipt ut ved hjelp av Audacity ein humoristisk lydsnutt frå eit av dei tidlege Skype-møta våra.

Intervju veke 5

Gabcast! Kanal Soerling #1 - Intervju Ann-Charlotte
Denne veka har vore sterkt prosjektretta. Mykje praktisk arbeid har vore gjort om å lage ein podcast. Arbeidsoppgåva var å lage ein podcast, og vi samla oss om mediedanning frå vogge til grav. Eg intervjua ei vaksa dame om hennar bruk av digitale medieverkty. Eg brukte Audacity, og lasta det opp i Gabcast. Derifrå sendte eg radiokanalen til bloggen min. Supert

torsdag 21. januar 2010

Produktmål om Digital kompetanse,Veke 3

Så er vi komne fram til emnet "Prosjektarbeid". Vi skal øve oss i det som er ein nyttig og mykje brukt arbeidsmåte i skulen.
Oppgåva er: "Du skal, for øvelse, og i første omgang uavhengig av gruppa.. formulere en problemstilling innenfor emneparaplyen Digital kompetanse".

Eg har valt å planlegge eit avisarbeid, og startar med å deffinere temaet:

Tema: Avis om digital kompetanse.

Så lagar eg ei målavgrensing.
Målavgrensing: Elevar på mellomsteget.

Temaet er altfor vidt, så eg må avgrense det.
Tematisk avgrensing: Bruke digitale verkty i ein avisartikkel.

No vil eg lage eit utkast til problemstilling.
Problemstilling: Korleis kan du bruke digitale verkty til å lage ein avisartikkel om skulen din?

Men her må det til ei presisering og ei avgrensing. Eg vil at det skal vere eit gruppearbeid, og eg vil avgrense oppgåva.
Avgrensing: Korleis kan ei elevgruppe på mellomsteget bruke PC og fotoapparat til å lage ein avisartikkel om friminuttsaktivitetarved skulen dykkar?

Orda "digital kompetanse" er altfor vidtspennande. Eg avgrensar dei til "planlegge, utføre og evaluere".
Avgrensing: Gjennom å planlegge, utføre og evaluere ein avisartikkel om friminuttsaktivitetar ved skulen,- korleis kan ei elevgruppe på 6.-7. årssteget bruke fotoapparat, PC og bilderedigeringsprogram til å lære meir om skulemiljøet i friminutta og om digital kompetanse?

Dette ser meir overkomeleg ut. Då er eg nesten klar til å lage eit produktmål.
Produktmål: Planlegg, utfør og evaluer ein avisartikkel om friminuttsaktivitetar ved skulen, slik at ei elevgruppe på 6.-7. årssteget blir flinkare til å bruke fotoapparat, PC og bilderedigeringsprogram til å lære meir om skulemiljøet i friminutta.

Eit produktmål må kunne målast om det vert oppnådd. I dette høvet kjem målinga av produktmåla fram gjennom evalueringa.

mandag 18. januar 2010

Vettenranta, Veke 2

Vettenranta har skrive ein svært interessant artikkel i boka "Mediedanning og mediepedagogikk". Han tar fram mange viktige moment som det nesten må skrivast ei avhandling om for å lage ein fullgod refleksjon. Her kjem fram at mange unge har ein sterk mediekultur. Dei er ofte ekspertar i mediebruk. Kva vl det resultere i i dagens skulekultur? Vil læraren føle seg trua, eller kan kunnskapane til elevane verte til nytte i skulen? Elevane treng meir enn verkty.
De trenger tid til refleksjon, stabilitet og mulighet til å lære empati og ansvar. Datamaskinen kan aldri erstatte den menneskelige interaksjonen og en anerkjennende dialog mellom lærer og elev. (Vettenranta, 2007 s.19)
Vettenranta peiker på at idealet om god danning må stå sentralt. Moral, etikk og ansvar er nøkkelord. Eleven skal bli eit fullverdig medlem av samfunnet. "En dannet mediebruker i dagens samfunn kan motstå press fra omgivelsene ved integritet og bevissthet om seg selv". (Ibid s.20)

Det er to syn på mediepedagogikk som står mot kvarandre. Det eine synet ser på farane og risikoane. Vettenranta nemner "..voldelige og seksuelle forestillinger ..., nettavhengighet, aggressivitet, muskelverk, manglende sosial trening, utarming av følelseslivet og fremmedgjøring for det virkelige liv". (Ibid, s.21)
Det er viktig at lærarar og skulesystemet har desse aspekta i bakhovudet. Men skulen skal spegle samfunnet og tida vi lever i. "IKT åpner for uendelige læringsmuligheter, bidrar til barnas utvikling, stimulerer til aktivitet og deltakelse, beriker fantasien og øker mulighetene for likeverd i samfunnet". (Ibid, s.21)

Dette siste poenget er viktig for meg. Mediefag og mediebruk er viktig for å få ein ein god skule med varierte læringsmiljø. "Læring er ikke lenger et spørsmål om formidling av fakta, men hvordan heller man kan skape nye læringsmiljøer, nye måter å skaffe og kombinere informasjon på". (Ibid, s.21)
________________________________________________

Vettenranta, S. (2007) Mot mediedysleksiens tidsalder?. S. Vettenranta (Red.),
Mediedanning og mediepedagogikk. Gyldendal Akademisk, Oslo.

mandag 11. januar 2010

Hensyn, veke 1

Det har vore svært interessant og givande å gjennomføre DKL103. No har vi kome til år 2010, og det er DKL104 som skal gjennomførast. Temaet denne veka er "Hensyn". Det er ei innføring i opphavsrett og personvern ved didktisk bruk av IKT.

I Øvingsoppgåve1 skal vi tenkje over spørsmålet om publisering av klassebilete og elevar/elevgrupper i ulike skulesituasjonar. Datatilsynet har gjort det heilt klart at klassebilete ikkje er lovleg å publisere på skulen si heimeside utan først å ha fått samtykke.
Dette betyr for eksempel at om en skole vil offentliggjøre klassebilder på sine hjemmesider, kan dette bare skje om et uttrykkelig samtykke innhentes fra alle de avbildede, og fra deres foresatte dersom elevene er under 15 år, på forhånd. (Datatilsynet, 2005)
Vi kan nok finne enkelte situasjonar der det er lovleg å publisere bilete på internett av andre personar.
Fotografi som avbilder en person kan ikke gjengis eller vises offentlig uten samtykke av den avbildede, unntatt når

a) avbildningen har aktuell og allmenn interesse,
b) avbildningen av personen er mindre viktig enn hovedinnholdet i bildet,
c) bildet gjengir forsamlinger, folketog i friluft eller forhold eller hendelser som har allmenn interesse,
d) eksemplar av avbildningen på vanlig måte vises som reklame for fotografens virksomhet og den avbildede ikke nedlegger forbud, eller
e) bildet brukes som omhandlet i § 23 første ledd tredje punktum eller § 27 andre ledd.
Vernet gjelder i den avbildedes levetid og 15 år etter utløpet av hans dødsår.(Åndsverklova, 1961 §45c)

Men hovudregelen er at skulane må ha eit aktivt samtykke frå både elevane og foreldra dersom elevane er under 15 år.

Når det gjeld Øvingsoppgåve2, må vi innhente løyve frå fotografen til å nytte det fotografiske biletet. "Eneretten til et fotografisk bilde varer i fotografens levetid og 15 år etter utløpet av hans dødsår, men likevel minst 50 år fra utløpet av det år bildet ble laget." (Åndsverklova, 1961 §43a) Men dersom det var eg som tok biletet, kunne eg publisere det på internett. Her er elevane ikkje gjenkjennbare.

I Øvingsoppgåve3 skulle eg lage eit samtykkeskjema for ein skule. Det kunne til dømes sjå slik ut:

Til heimane

___
_____ skule har ei flott heimeside på internett. I tillegg til bilete av skulen og viktige telefonnummer, er der

  • Informasjon frå rektor
  • Kalendar med melding om sentrale dagar og aktivitetar
  • Planar og reglar
  • Bilete og namn av tilsette ved skulen
  • Skuleavis
  • Eigne klassesider der dei m.a. kan legge ut prosjektarbeid, klasseavis, biletseriar, forum, filmsnuttar, halvårsplanar og vekeplanar.

Det som vert skrive om og lagt ut på klassesidene, vert stengt for utanforståande. Alle elevane har brukarnamn og passord. Dette må elevar og føresette logge seg på med for å kunne sjå det som ligg der. Det vert ikkje skrive namn av elevane som kan koplast til bilete av dei.

For å kunne vise skulen sitt arbeid, ber vi om løyve til å legge ut tekst, bilete og filmsnuttar av elevar og elevaktivitet på heimesida. Dersom du seinare angrar deg, har du rett til å trekkje løyvet tilbake. Detatilsynet har laga reglar for publisering av bilete på internett. Dei kan du lese her:
http://www.datatilsynet.no/templates/article____881.aspx



__________________ ____________________
rektor IKT-ansvarleg

_____________________
________________________
Svarslipp:

Eg gir med dette løyve til at _________ skule kan bruke tekst, bilete og filmsnuttar av eleven ________________ på skulen si heimeside.

Eleven går i klasse _____________

Dato: ______________

Namn på føresett: ____________________________


__________________________________________________

Kjelder:

Datatilsynet (2005) Bilder på Internett (Redaksjonell artikkel) [Internett].
Tilgjengeleg frå: http://www.datatilsynet.no/templates/article____881.aspx

Åndsverklova (1961) Lov om opphavsrett til åndsverk [Internett]. Tilgjengeleg frå
Lovdata: http://www.lovdata.no/all/hl-19610512-002.html

fredag 27. november 2009

Oppgave 2 og 3, Samling 3 uke 48.

Oppgave 2 - 3. samling

”Bruk og egnethet av fire LMS ” kan synes som et god kilde i forhold til å

vurdere ulike LMS.

Gjør dere opp en mening om man i dette tilfellet har

gjort

:

1. Et riktig utvalg.

2. Har brukt et relevant sett med vurderingskriterier.

Strukturer svaret, og gi relevante begrunnelser ut fra:

- Det dere vet, eller kan finne ut, om hvilke LMS som er i bruk i Norsk skole.

- Det dere mener er relevante vurderingskriterier i forhold til LMS.

Gruppe 4 har disse tankene:

1:

Siden PedIT ikke er brukt i høyere utdanning, er den ikke blitt vurdert i denne rapporten. Men vi synes likevel at rapporten burde tatt med PedIT. Det hadde vært spennende å lese en rapport som vurderte alle de forskjellige LMS-er som er tilgjengelig i Norge.

2:

a) Meldingsutveksling- E-post, letter kommunikasjon, både med elever og foreldre.

b) Fellesdokumenter - viktig, samskriving, mapper

c) Forum - viktig funksjon, fungerer best på høyere klassetrinn.

d) Chat - viktigere for elevene, ikke så viktig for læreren. Kan heller fungere som en læringsarena for hvordan man skal oppføre seg i et nettsamfunn( MSN, Nettby, Facebook,)

e) Planlegging og rekkefølgestyring - virker interessant, ante ikke at Fronter hadde dette. Kommer til å prøve denne funksjonen. (Erstatter p.p?)

f) Kalender - pluss funksjon, selv om det ikke er like nødvendig for alle.

g) Arkiv - kjekt for elever som enten jobber på skolen/hjeme, slik at man får tilgang på dokumentet uansett hvor man er. Fronter- mitt arkiv, PedIT - personlig side

h) Innlevering og tilbakemelding - viktig ting i LMS, slippe papirmølle

i) Evaluering - Fronter fungerer, pedit hadde før(svakhet) - viktig i forbindelse med innlevering og tilbakemelding

j) Flervalg - kjekk funksjon i Fronter, mye brukt både i grunnskolen og i høyere utdanning.

k) Statistikk og oppfølging - har muligheten, brukes denne? Kan lage statistikker for karakterer, mye viktigere fra ungdomsskolen og oppover. Mindre brukt på PedIT.

l) Tilpasset forside - viktig, må vise at man ønsker å få lesere til siden.

m) Bruker import - kan ikke gjøres i Fronter, denne funksjonen finnes i PedIT

Punkt til forbedring:

  • Bilderedigering direkte i LMS
  • Lyd, i forhold til svaksynte, personer med leske/skrivevansker
  • Publisering - åpningstider, hvem har tilgjengelighet, åpent for alle, mulighet for lukket rom


Oppgave 3 - 3. samling

Oppgave 3 til 3. samling DKL103

Blant annet kan publikasjonen fra Futurelab ”

Opening Education - Social

software and learning

” (Owen et al., 2006) gi grunnlag for å stille spørsmål.

Gjør dere opp en mening om:

1. I hvilken grad egner typiske LMS seg i forhold til det å forberede unge

lærende på en sammensatt og livslang digital læringsarena?

2. Betyr det at vi kan/bør hive ut LMS fra skolene?

Strukturer svaret, og gi relevante begrunnelser.

1) De fleste barn og unge er digitalt innfødde, mens mange voksne er digitalt immigranter (eller ignoranter). Det er viktig å innlemme barns interesser på data utenfor skolen inn i skolearbeidet.
  • Via samskriving
  • Bruk av E-læring i fjernundervisning
  • Nettbasert læring (man kan sitte hvor som helst i verden for å være med på undervisning).
  • Fleksibel læring der elevene bestemme sitt eget tempo uansett tid og sted.
  • Både som faglig og sosial læring (kommuniserer med andre barn og unge i andre land om felles interesser)
  • Samarbeid og kan kommentere og gi vurdering med hverandre. Får tilbakemelding raskt.
  • Tilrettelegging av fag der det finne spes. tegn. Kan legge ut lenken for å laste opp hjelpemidler.
  • Alltid tilgjengelig.
  • Universell utforming (tilpasset brukere med nedsatt evner, superior/pensjonister, funksjonshemmede).
2) Nei, vi kan ikke hive ut LMS fra skolene. LMS er kjempeviktig. (Argumentene er skrevet i punkt 1).


torsdag 26. november 2009

Oppgave 1, Samling 3, uke 48

OPPGAVE 1, SAMLING3

Gjør deg opp en meining om lærerutdanninga si oppgave i forhold til å integrere digitale verktøy i skolen.

1. Korleis kan lærarutdanninga påverke utviklinga? Prøv å ver litt konkret.

2. Kvifor har/har ikkje lærarutdanninga eit ansvar her?

3. Korleis bør dette påverke innhaldet i den nye grunnlærarutdanninga?

1. Hvordan kan lærerutdanninga påvirke utviklingen?

Ved å bruke digitale verktøy i mye større grad enn det som er tilfellet den dag i dag. Foreleseren må vise konkrete eksempel på hvordan en kan bruke digitale verktøy i en undervisningssituasjon. De kan også la oss studenter få gjennomføre undervisningsopplegene. På den måten får vi studenter se hvordan IKT i undervsingen kan være med på å gjøre bruk av digitale verktøy meningsfullt for elevene.

2. Hvorfor har/har ikke lærerutdanningen et ansvar her?

Lærerutdanningen har selvsagt et ansvar her. Det er i denne instutisjonen at framtiden sine lærere skal formest, og IKT vil bare bli viktigere og viktigere fremover. Det er som med lærerutdanningen som med alt annet. De må følge med i tiden.

3. Hvordan bør dette påvirke innholdet i den nye grunnlærerutdanningen?

I den nye grunnlærerutdanningen vil studentene få mulighet til å spesialisere seg på enten barnetrinnet eller ungdomstrinnet. Dette gjør at en som foreleser i de ulike fagene kan gi opplæring til studentene utifra hvilket årstrinn de spesialiserer seg på. Og at en som foreleser integrerer IKT enda mer enn det i dag blir gjort er viktig, og kanskje enda viktigere blir det å tilpasse denne IKT- opplæringen til de ulike trinnene. At de studentane som velger å spesialisere seg på barneskolen får et opplegg som passer til nettopp barneskoletrinnet.

--------------------------------------------------------------------------------------------

Frie tanker omkring problemstillingene:


Lærerutdanningen er til for å utdanne lærere til nye pedagoger i skolen. Kunnskapsløftet setter rammene for hva dagens skole skal inneholde. Digitale verktøy er en av de fem grunnleggende ferdighetene, og det er et eksplisitt krav at digitale verktøy skal integreres i alle fag.

"Grunnleggende ferdigheter er integrert i kompetansemålene der de bidrar til utvikling av og er en del av fagkompetansen"http://udir.no/grep/Grunnleggende-ferdigheter/?visning=5

For at det skal bli lettere å implementere IKT i skolene bør opplæringen av IKT begynne fra lærerskolestudenter. På lærerskoler kan de gjøre dette på følgende måter:
* Bruk av digitalt verktøy bør være en del av obligatorisk fag som en del av lærerutdanning. Dette kan medføre til at lærerskolestudenter som skal en gang bli lærere blir "tvunget" til å innføre IKT i skolene. Dette kan dermed bidra til at de kan påvirke pedagogene til å innlemme IKT som en del av obligatorisk fag.
* DKL skal være et obligatorisk fag i tillegg til de andre obligatoriske fagene, men vi mener at IKT også skal være obligatoriske i alle fag. Et ønske er at det skal være minst 2 timer IKT i uka. Dette er en forutsetning for at lærerne skal bli trygge på å bruke IKT i undervisningen.
* Mediedanning bør være et viktig punkt i både DKL som fag og i pedagogikk. Dermed bør det i større grad øke satsing av IKT som skoleledere prioriterer i sine skoler.
* Pedagogene trenger å erkjenne hvor viktig IKT er som en del av læringsarbeidet.
* Bruk av digitale mapper og vurdering må øves på av studentene.
* Læreskolestudenter som skal ut i praksis må skrive oppgaver ved bruk av LMS. Dette er en viktig jobb der de skal administrere LMS.
* Man må lære å beherske bruk av IKT i praksis.
* Læreskolestudenter må lære de grunnleggende bruksområder av digitale verktøy slik at de blir digitalt kompetente.

mandag 23. november 2009

LMS-PLE veke 48

Det er med litt vemod at eg skriv på bloggen min for siste gang dette semesteret. Eg har aldri skrive verken logg eller blogg før, men eg må stadfeste at dette har vore stort for meg. Her har tankane mine fått spinne rundt aktuelle pedagogiske emner og idear. Dette arbeidet har gitt meg ei sterk fagleg forankring, og dei leksjonane eg har gjennomgått har vorte relle og nære. Det kjennest omlag som om eg har hatt hovudrolla i ein spelefilm der digital kompetanse i skulen og læringsmiljøet har vore innhaldet i filmen.

Slike kjensler, at kroppen vert fylt med viktig og spanande kunnskap gjennom bruk av IKT, er det vi vil at elevane også skal kunne oppleve. Aktivitet og læring i eit personleg læringsmiljø er det som er viktig i PLE. PLE står for Personal Learning Environment, eller ”Personlig Læringsmiljø”.
The PLE is a unique interface into the owners digital environment. It integrates their personal and professional interests (including their formal and informal learning), connecting these via a series of syndicated and distributed feeds. The PLE is also a portfolio system allowing the user to maintain their repository of content and selectively share that content as needed. It is also a profile system, exposing the users interests in a variety of ways allowing automated, but selective search of the individual and their digital contributions. (Anderson, 2006)
Eg har alltid vore ei av eldsjelene som har kjempa for bruken av LMS i skulen. Eg har fått mange kommentarar som: "Er det berre data du er interessert i du?" eller "Eg har ikkje tid til å bruke digitalt kamera eller PC." Så det er nok fortsatt ein vei å gå før alle lærarar forstår at IKT er eit hjelpemiddel i læringsprosessen på samme måte som ei bok.

LMS står for Learning Management System. Desse orda står for Læringsverkty, Administrative verkty og System. Uninett har laga denne definisjonen:
Et LMS er et utvalg av verktøy for å støtte læringsaktiviteter og administrasjonen av dem. Verktøyene er teknisk integrert i en felles omgivelse med en felles database, og har derfor delt tilgang til dokumenter, statusinformasjon og annen informasjon. De er videre presentert gjennom et enhetlig webbasert brukergrensesnitt, hvor de opptrer visuelt og logisk konsistent overfor brukeren. (Uninett, 2005)
Ofte vert LMS kalla for læringsplattformen til skulen. Vi har mange ulike LMS. På Høgskulen i Volda bruker vi Fronter. Det eg er administrator for, er PedIT. Desse er gode pedagogiske program som er viktige og nyttige i læringsprosessen. PedIT har no kome i ei ny utgåve, PedIT3.0. Der er fleire funksjonar enn før, og er enda meir brukarvennleg. PedIT er åpent og kommuniserande, og høver godt i grunnskulen.
I kapittelet om LMS i ITU Monitor (2007), står dette:
Altså, IKT er et verktøy for å skape og dele representasjoner som støtter samtale om det faglige innholdet. Dette fordrer imidlertid at elever og lærere aktivt forholder seg til stoffet, at de samtaler om det, deler dokumenter og bearbeider det. Å utvikle denne typen praksiser med støtte fra IKT, praksiser som vi vet gir godt læringsutbytte for elevene, blir en sentral utfordring for skolen i tiden fremover. Etter vår mening er dette helt essensielle aspekter ved det vi kan kalle fremtidens læringsarenaer. Utvikling av slike læringsmiljøer kan på sikt bidra til å utvikle ferdigheter, kunnskaper og kompetanser som er essensielle i informasjonssamfunnet. (ITU, 2007, s. 164)
Eg har god tru på at både LMS og PLE kjem til å bli meir og meir brukte i læringsprosessane. Sats på kompetansehjulet til Søby (Søby, 2005, s. 9). Då har eg god tru på den norske skulen kan bli den beste digitale skulen i verda.
_______________________________________________________

Anderson, T. (2006) PLE’s versus LMS -Are PLEs ready for Prime time? [Internett].
Tilgjengeleg frå: VirtualCanuck: http://terrya.edublogs.org/2006/01/09/ples-versus-lms-are-ples-ready-for-prime-time/

ITU (2007) ITU Monitor 2007 Skolens digitale tilstand 2007 [Internett]. Tilgjengeleg
frå: http://www.itu.no/filestore/Rapporter_-_PDF/ITU_Monitor_07.pdf

Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett]. Tilgjengeleg frå Utdanningsdirektoratet: http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf

UNINETT ABC (2005) Temahefte: LMS - Hva og hvordan [Internett]. Tilgjengeleg frå
UNINETT ABC: http://www.uninettabc.no/content.ap?thisId=675

søndag 22. november 2009

Prinds sine 3 rom, veke 47

Refleksjon over leksjon veke 47.

Dei tre "romma" undervisningsrommet, treningsrommet og studierommet viser ein god vei i ein læringsprosess. Det er ikkje fysiske rom, men heller tre ulike fasar i ein læringsprosess.

I fase 1 foregår presentasjon, inspirasjon og undervising av det elevane treng å kunne i dei to neste fasane. Læraren er formidlar og eleven mottakar.
"Målet for læringen i dette rum vil primært være formidling af nyt stof og dialog om stoffet. Det fysiske rum vil ofte være klasseværelset." (Prinds,1999 s. 34)

I fase 2, treningsrommet, skal elevane trene seg i ein arbeidsprosess i å bruke det dei lærte i fase 1 i samarbeid med læraren. Det kan gjerne vere gruppearbeid, men kan også vere individuelt. Læraren er rettleiande og differensierande, medan eleven er aktiv, styrer framdrifta sjølv, og arbeider etter egen læringsstil.
Træningsrummet, hvor eleverne arbejder individuelt eller i gruppe med at træne den faglige viden og de faglige færdigheder de har opnået i undervisningsrummet. Eleven arbejder i sin egen rytme, lærer ud fra egen læringsstil og styrker personlige egenskaber. (ibid, s. 34)
I fase 3, studierommet, arbeider elevane med reelle emner eller problemstillingar. I slike prosjekt arbeider elevane i grupper. Dei er aktive, styrande og samarbeidande. Læraren er konsulent, og ser til at gruppearbeida "går på skinner" og er meiningsfulle.
Studierummet, hvor elever i grupper arbejder med autentiske emner og problemstillinger fra det virkelige liv i form af cases, projekter og tværfaglige projekter. Eleverne forholder sig til omverdenen enten ved at skaffe sig viden fra f.eks. databaser eller ved at kommunikere viden med andre. (ibid, s. 34)
Vidare seier Prinds om læringsmålet: "Læringsmålet er at eleverne lærer at håndtere
komplekse sager, at løse problemer og at foretage valg." (ibid, s. 34)

I heile læringsprosessen er det høve til aktiv og naturleg bruk av IKT. Alle dei tre fasane av læringsprosessen er tufta på læringsteoriar.

Eg er svært nøgd med desse leksjonane om "Digitale læringsmiljø". Her får vi trene oss i å kople teori og praksis saman i heilt konkrete læringssituasjonar.
Eg vil til slutt sitere ein elev frå skulen min som kom med denne kommentaren etter eit liknande opplegg der dei fekk lage ein animasjonsfilm:
Dette er noko av det artigaste vi har gjort på skulen. - Det kjekkaste er at vi får bestemme sjølve kva vi vil gjere, korleis det skal verte og bruke fantasien vår. (Møre-Nytt, 22.10.2009 s. 29)
______________________________________________________

Møre-Nytt, 22.10.2009

Prinds, E. (1999) Rum til læring. København, Center for Teknologistøttet uddannelse.

lørdag 14. november 2009

Digitale læringsmiljø, veke 46

Eg vil først starte med å kommentere ITU Monitor 2009 som leksjonen viser til.
I fylgje ITU Monitor 2009, er tilstanden når det gjeld bruk av IKT i skulen så
dårleg, at det går ut over elevane sin dugleik i alle fag. Ein stor del elevar
står utan digital kompetanse når dei skal over i vidaregåande skule.
Manglande digital kompetanse forsterkar sosiale skilje framfor å motverke
dei. ITU gjennomførte same type undersøking i 2007, og fann at
grunnskulen hang etter vidaregåande skule når det gjaldt integrering av IKT.
I høve til ITU Monitor 2007, har situasjonen generelt forverra seg, og
forskjellen på grunnskule og vidaregåande skule har altså auka i same
periode. ITU Monitor 2009 peikar på at fokus på PC-dekking i skulen ikkje
er nok – lærarane sin kompetanse og arbeidsmønster, samt skuleleiinga er
flaskehalsen i grunnskulen i dag.
Leksjonen "Vilkår for endring2", veke 42
Her er det nokre faktorar som eg har lyst å reflektere over.

1. ITU Monitor 2009 tar utgangspunkt i ei prøve om digital kompetanse som elevane må gjennomføre. Når det gjeld overgangen til vidaregåande skule, så har elevane hatt ei prøve på 9. trinn på 14 spørsmål. (ITU, 2009b s. 21) Eg stiller meg tvilande til at ei prøve på nokre få spørsmål kan brukast til å slike dramatiske setningar som eg viser til over. Det er ikkje tvil i mi sjel om at gjentatte prøver kan gi oss verdifull informasjon om stoda i skulen. Men eg ville heller ha laga fleire spørsmål. T.d. 100 spørsmål. Så ville eg ha utført ein praktisk test. Eg trur at mange elevar er flinkare til å vise ting praktisk enn å svare på ei teoretisk prøve der dei kanskje ikkje forstår essensen i spørsmåla.

2. Det neste eg vil kommentere, er at mange elevar står utan digital kompetanse. Lat oss sjå på denne digitale kompetansetrekanten:

(Baltzersen, R. K. 2009)
Dersom vi krev at elevane skal meistre alle desse kompetansane som ligg i denne trekanten før vi kan kalle dei digitalt kompetente, så forstår eg godt at nokre elevar ikkje er digitalt kompetente når dei er ferdige med ungdomsskulen. Men etter mi meining og etter mine erfaringar så har dei aller fleste elevane gode kompetansar når det gjeld dei to nedste delane av trekanten. I tillegg er det vanskeleg å lage ei teoretisk prøve om vurdering, bearbeiding, samarbeid og danning. Kanskje det hadde vore meir rettferdig overfor elevane om dei hadde fått demonstrert kompetansen sin i staden for å lage ei prøve om den.

3. Så vil eg kommentere at det er stor avstand mellom bruken av IKT i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Det er lett å tolke denne kommentaren negativt. Men elevane på vidaregåande har lettare tilgang på PC-ar i vidaregåande. 87% av elevane på VG2 seier dei har tilgang på datamaskin når dei har behov for det. (ITU, 2009b s. 6) Kanskje ulikskapen mellom grunnskulen og VG vil bli mindre vi har nått måla om full dekning av PC-ar i grunnskulen? Eg har vore med på å byggje opp PC-tettleken frå 1 : 3 til 1 : 2. Og mi erfaring tilseier at auke i PC-talet er ein av faktorane som fører til meir bruk av IKT i undervisinga.

4. Tvilen om bruken av IKT i grunnskulen er god nok, er eg heilt samd i. Eg vil særleg nemne kompetanseheving av lærarane. Så må formuleringane i læreplanane verte direkte forpliktande i skulen. Men vi må nok få ei full satsing på alle delane av kompetansehjulet til Søby.
(Søby, M. 2005 s. 9)

Eg hadde stor lyst til å reflektere over "Del og Bruk" og "PLUTO". Eg har sett svært gode resultat frå desse læringsmiljøa. Digital deling og digitale prosjekt vil auke interesse og tilgang på kunnskap. Slike faktorar hjelper til å få auka digitale læringsmiljø og digital kompetanse i skulen.
_____________________________________________________

Baltzersen, R. K. (2009) Digitalkompetansetrekant [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://rolfbaltzersen.blogspot.com/2009_06_01_archive.html

Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett ]. Tilgjengeleg frå Utdanningsdirektoratet: http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf

ITU (2009b) ITU Monitor 2009 Skolens digitale tilstand 2009 [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.itu.no/filestore/Rapporter_-_PDF/ITU_monitor09_web.pdf

fredag 30. oktober 2009

Betre vurderingspraksis, veke 45

Øvingsoppgåve1 veke45:

Skriv eit refleksjonsnotat rundt emnet betre vurderingspraksis.
Korleis vert det arbeidd med vurdering på din skule? Er det rom for betre vurderingspraksis der? Kvifor?
Evt:Har det vore jobba med betre vurderingspraksis? Kva har dette resultert i?
Er det ting i arbeidet til Halbrend og Flatene som kunne vere interessant å jobbe med?
Kvifor?

Vurdering og utvikling av ein god vurderingspraksis, har i omlag to år vore eit satsingsområde ved min skule. Vi hadde ein rektor som var veldig energisk, kompetent og nytenkjande. Vi fekk faktahefte frå nyaste litteraturen om vurdering. Vi brukte mykje både individuell tid, lagtid og fellestid til å implementere formuleringar om vurdering til Verksemdplanen til skulen og til korleis vi som lærarar kunne tenkje oss å vurdere i kvardagen. Dette arbeidet fekk vi inspirasjon til gjennom både forelesingar og nettverksamlingar av alle lærarane ved nokre skular i kommunen pluss fagfolk frå Høgskulen i Volda. Så måtte vi arbeide vidare med planlegginga fram til neste nettverksmøte.

Den store inspirasjonen var kanskje ein studietur til to skular i Oslo som var komne langt med vurdering. Studentane ved Høgskulen hadde skuleovertaking medan vi lærarane heva kompetansen vår. I etterkant av studieturen bestemte vi oss for å bruke målskiver for dei yngste elevane. Gode framovermeldingar skal kome tydeleg fram både munnleg, i bøkene og på kommentarplass for læraren på vekeplanen. Vekeplanen skal også innehalde kompetansemåla for veka + ein tredelt eigenvurdering av kor godt eleven syntest at han greidde å oppnå desse måla. Heimen har også ein open rubrikk med høve til tilbakemeldingar. Dessutan skal foreldra signere at eleven har nått dei måla han skulle. Som regel vert vekene avslutta med ei fredagsprøve der måla vert kontrollerte. Men vi kan like gjerne kontrollere måloppnåinga ved at eleven får vise kva han kan gjennom drama, presentasjonar, opplesingar, praktiske øvingar eller andre variantar.

Det siste året har vi arbeidt vidare med eit felles skjema for elevsamtale og utviklingssamtale. Det at skulen har ein tilnærma lik tankegang om vurderingspraksisen har vore trygt og godt for både elevar, foreldre og lærarar.

Men vi er ikkje komne like langt som Halbrend og Flatene skular. Eg kunne godt tenkje meg å drive med meir IKT i vurderingsarbeidet. Det eg tenkjer på er særleg digital mappevurdering. Dette meiner eg er eit godt tiltak i vurderingsarbeidet. Elevane får bruke meir IKT naturleg integrert i timane, dei vert meir digitalt kompetente når dei må vurdere arbeidet sitt og korrigere det før dei leverer det i mappa. Og heim og lærar får lettare oversikt over arbeida utan at han treng store bunkar med bøker å halde orden på.

Eg vil avslutte med eit sanningsord frå Helge Sæterdal, kommunal- og utviklingskoordinator, Førde kommune. Han viser til at vi må dra lasset ilag dersom vi vil nå eit mål. Denne tankegangen er eg heilt einig i når det er endring og kvalitet vi vil utvikle i skulen.

"Det har handlet om å skape en endringskultur hvor vi legger vekt på kvalitet i alt arbeidet vi gjør i skolen. Det har vært en
lang prosess, men jeg er helt sikker på at ingen i dag ville velge seg tilbake til den gamle skolen."