fredag 2. oktober 2009

Akademisk oppsett veke 38

Denne leksjonen har handla mykje om akademisk skriving. Det er viktig med akademiske krav på grunn av formelle (tekniske) grunnar. Dette vert krevd på høgskulenivå der vi har formell vurdering og kanskje med ein sensor. For det andre er det ein akademisk forklaring på kvifor vi må bruke akademisk skriving. Alt arbeid på høgskulenivå skal vere basert på forsking, og vi må byggje oppgåvene på akademiske kjelder. Desse kjeldene må vi vise til i dei drøftingane vi gjer undervegs, og vi må også lage ei referanseliste til slutt. _________________________________________________________

NTNU (u.å) Skrive oppgave, Universitetsbiblioteket i Trondheim [Internett]. Tilgjengeleg
frå: http://www.ntnu.no/viko/mod7/mod7/ [Lasta ned 02.10.2009]

_________________________________________________________

Her har eg lagt til ein nettstad som tek m.a. opp korleis vi skal lage eit akademisk oppsett.

Når vi ser på innlegget til Peder Pedagog, så har han ikkje oppfylt desse krava. Ikkje har han vist til kjelder, og ikkje har han laga til noko akademisk oppsett.

I samme kjelde står det på side 20 i Modul 7:

"En oppgave på universitetet skal bestå av tre hoveddeler som til sammen danner en helhet. De tre hoveddelene er innledning, hoveddel og avslutning."

Dette manglar også Peder Pedagog i oppgåva si. Det siste punktet eg ville sagt til Peder Pedagog, er at han må lage hierarkiske inndelingar i punkt og underpunkt.

Det er sjølvsagt mykje meir eg kunne nemnt om akademisk oppsett, men eg vil halde meg her til desse hovudpunkta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar