torsdag 29. oktober 2009

Kompetansemål i naturfag, veke 44

(Kjelle vgs, 2008)
Blooms taksonomi kan brukast i læreplananalyse. Vi kan sjå på kompetansemåla i faga og og vurdere kompetansegraga til eleven utifrå høg, middels eller låg måloppnåing. Blooms taksonomi deler dei kognitive måla (kunnskapsmåla) opp i 6 grupper og set høvelege verb til desse gruppene.
Eg går no inn på kompetansemåla i naturfag. Der står det etter 7. årstrinn om Forskerspiren: "Eleven skal kunne bruke digitale hjelpemidler og naturfaglig utstyr ved eksperimentelt arbeid og feltarbeid." (UFD, 2006)


Så lager eg ein tabell der eg prøver å dele opp dette hovudmålet i dei tre ulike gradene av måloppnåing. Sjå tabellen HER.

Under middels grad av måloppnåing har eg brukt verb som:
gjenkjenne, observere, skildre, liste opp, presentere, referere.

Middels grad av måloppnåing har eg brukt verb som:
registrere, samanlikne, tenkje seg til, forklare, undersøke, presentere modell.

Over middels grad av måloppnåing har eg brukt verb som:
planleggje, vurdere, lage teori, treffe slutningar, diskutere, samanlikne, formulere reglar.
_____________________________________________________
Kjelle vgs, (2008) Læreplansanalyse LK 06, [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.kjelle.vgs.no/file.php?id=9392
UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet-grep, Utdannings- og forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/grep/Lareplan/?laereplanid=117461&visning=5

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar