søndag 4. oktober 2009

Gratis programvare i skulen? veke 39

DKL-studiet som vi no tar, bygg på gratisprinsippet. Alle skal ha rett til ei utdanning utan at økonomien spelar inn. Denne tankegangen er sterkt rotfesta i norsk skule. Men vi må også ha i bakhovudet at det er vi (studentane) som skal forme skulen i framtida. Derfor er det svært viktig at alle studentar får sett og prøvd den teknologien som er tilgjengeleg. Vi kan ikkje kutte ut ei til dømes medieutdanning fordi turvande utstyr vil koste litt pengar. Eg ser det som svært viktig at alle studentar vert klare for å dra den norske skulen vidare med dagens teknologi. Det som er fint er at vi kan finne svært mykje nødvendig programvare tilgjengeleg gratis på internett. Dette er fint. Dermed kan vi stette den filosofien på DKL-studiet at alle skal få ei god og moderne utdanning samtidig med at det skal koste lite. Eg er einig i denne tankegangen.

Tanken om gratis skulegang er også rotfesta i grunnskulen. Der kan vi ikkje krevje til dømes at alle heimar skal kjøpe eit filmkamera fordi ein treng det i opplæringa. Men då er det viktig at skulen har utstyret tilgjengeleg og at elevane får bruke det på ein positiv, trygg og god måte. Dette gjeld alt arbeid med IKT. Vi er pliktige til å integrere bruk av IKT i alle fag. Det er svært viktig at dette vert følgt opp. Elevane får då høve til å oppnå kunnskap med bruk av menge ulike lærigsstrategiar. Dei får bruke utstyr som dei fleste kjenner frå livet utanfor skulen. Læringa vert meir spennande og interessant. Eit tips her er å bruke dei faglenkjene som er gratis på internett. Nesten alle forlag som sel skulebøker legg ut gode nettsider der elevane kan gjere aktuelle øvingar. Desse er både gratis greie å bruke. Eg vil oppfordre alle skular å ha ei godt oppdatert heimeside der lærarane kan leggje ut lenkjer til aktuelt stoff.
Så konklusjonen min vert at ein må byggje på gratisprinsippet i undervisinga, men også at ein må verte trent til å utvikle seg til morgondagens samfunn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar