søndag 4. oktober 2009

Vert elevane digitalt kompetente i skulen? Veke 40

Digital kompetanse er eit vidtfattande omgrep. Søby definerer det som: "Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet." (Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen.
ITU, Universitetet i Oslo [Internett ] ). Dette er mykje meir enn å berre bruke digitale verkty. Sjølvsagt er det viktig med digitalt verkty. Både stasjonære og bærbare PC-ar må vere på plass i skulane i den grad det trengs. Det same gjeld digitale fotoapparat, - filmkamera og andre nødvendige digitale teknologiske apparat som ein får bruk for.
Men når det gjeld ordet "kompetanse", så går det vidare til å utvikle dugleikar, kunnskap og haldningar.

I skulen har vi i dag fått IT-utstyr i ganske store mengder. Sjølvsagt er det store variasjonar, men alt i alt har vi ein betre PC-dekning enn andre land.
"Nær 9 av 10 elever opplever at de har datamaskin når de har behov for det."
(ITU (2009) ITU Monitor 2009 - Skolens digitale tilstand, Oslo, Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning, [internett] )
I denne undersøkelsen kjem det også fram at elevane har ei årleg stigande kurve i bruken av PC-ar i timane på vidaregåande skule. Fram til 2007 var dette regelen også i grunnskulen, men frå 2007 til 2009 har det vore ein tilbakegang. Dermed kan vi tenkje oss at det er noko i artikkelen "Læreren er flaskehalsen". Der vert skulda lagt på læraren sin kompetanse og arbeidsmønster, og ei usystematisk skuleleiing.

Eg meiner det er feil å sjå på læraren som ei einsarta gruppe. I norsk skule har vi stor variasjon av digital kunnskap i lærarmassa. Nokre lærarar er eldsjeler som gjer sitt beste i å integrere digitale hjelpemiddel i dei fleste timane. Desse lærarane er gjerne dei som prøver å inspirere andre til å gjere likeeins. Men her er også mange lærarar som er utrygge i bruken av digitalt media. Resultatet kan då verte langt færre timar ved t.d. ein PC for elevane.

Heime er mange unge vant til å ha mange ulike media i aksjon samtidig. Det kan vere ein elev som gjer lekser medan han høyrer på musikk, ser på tv/film, surfar på internett og sender mobilmeldingar til kameratar samtidig. Denne digitale mediekulturen er viktig at skulen vert ein del av. I dei høve at lærarane er ein bremsekloss, så må dei våge å "sleppe taket" i timane. Lat elevane få bruke sine digitale kunnskapar innafor klare rammer slik at undervisinga og skulekvardagen vert meir digital. Då vert undervisinga meir på høgde med Kunnskapsløftet som seier at å bruke digitale verkty er ein av dei 5 digitale ferdigheiter. "Grunnleggende ferdigheter for grunnskolen".

Men til slutt kan eg ikkje gi all skuld til læraren for at elevane i norsk grunnskule er for lite digitalt kompetente. Skuleutvikling er først og fremst grunnlagt på dei haldningar og den inspirasjon som lærarane får frå skuleleiar. Viljen til å bruke til dømes data i timane er grunnlagt på dei planar og føringar lærarane får frå skulesjef og rektor. Infrastrukturen og rammevilkåra er også viktig. Men det er viktigast at det utstyret skulen har vert brukt,- helst kvar time. Og dette ansvaret må organiserast av den einskilde læraren.
_____________________________________________
KJELDER:
UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet – grep, Utdannings-og
forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/grep/Grunnleggende-ferdigheter/?visning=5

Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i
grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett ] Tilgjengeleg frå Utdanningsdirektoratet: http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf

ITU (2009) ITU Monitor 2009 - Skolens digitale tilstand, Oslo, Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning, [internett] Tilgjengeleg frå ITU: http://www.itu.no/filestore/Rapporter_-_PDF/ITU_monitor09_web.pdf

Aftenposten Nett, 19.10.2009 -Læreren er flaskehalsen, [Internett-artikkel], Tilgjengeleg frå: http://www.nrk.no/nyheter/1.6736536

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar