fredag 30. oktober 2009

Betre vurderingspraksis, veke 45

Øvingsoppgåve1 veke45:

Skriv eit refleksjonsnotat rundt emnet betre vurderingspraksis.
Korleis vert det arbeidd med vurdering på din skule? Er det rom for betre vurderingspraksis der? Kvifor?
Evt:Har det vore jobba med betre vurderingspraksis? Kva har dette resultert i?
Er det ting i arbeidet til Halbrend og Flatene som kunne vere interessant å jobbe med?
Kvifor?

Vurdering og utvikling av ein god vurderingspraksis, har i omlag to år vore eit satsingsområde ved min skule. Vi hadde ein rektor som var veldig energisk, kompetent og nytenkjande. Vi fekk faktahefte frå nyaste litteraturen om vurdering. Vi brukte mykje både individuell tid, lagtid og fellestid til å implementere formuleringar om vurdering til Verksemdplanen til skulen og til korleis vi som lærarar kunne tenkje oss å vurdere i kvardagen. Dette arbeidet fekk vi inspirasjon til gjennom både forelesingar og nettverksamlingar av alle lærarane ved nokre skular i kommunen pluss fagfolk frå Høgskulen i Volda. Så måtte vi arbeide vidare med planlegginga fram til neste nettverksmøte.

Den store inspirasjonen var kanskje ein studietur til to skular i Oslo som var komne langt med vurdering. Studentane ved Høgskulen hadde skuleovertaking medan vi lærarane heva kompetansen vår. I etterkant av studieturen bestemte vi oss for å bruke målskiver for dei yngste elevane. Gode framovermeldingar skal kome tydeleg fram både munnleg, i bøkene og på kommentarplass for læraren på vekeplanen. Vekeplanen skal også innehalde kompetansemåla for veka + ein tredelt eigenvurdering av kor godt eleven syntest at han greidde å oppnå desse måla. Heimen har også ein open rubrikk med høve til tilbakemeldingar. Dessutan skal foreldra signere at eleven har nått dei måla han skulle. Som regel vert vekene avslutta med ei fredagsprøve der måla vert kontrollerte. Men vi kan like gjerne kontrollere måloppnåinga ved at eleven får vise kva han kan gjennom drama, presentasjonar, opplesingar, praktiske øvingar eller andre variantar.

Det siste året har vi arbeidt vidare med eit felles skjema for elevsamtale og utviklingssamtale. Det at skulen har ein tilnærma lik tankegang om vurderingspraksisen har vore trygt og godt for både elevar, foreldre og lærarar.

Men vi er ikkje komne like langt som Halbrend og Flatene skular. Eg kunne godt tenkje meg å drive med meir IKT i vurderingsarbeidet. Det eg tenkjer på er særleg digital mappevurdering. Dette meiner eg er eit godt tiltak i vurderingsarbeidet. Elevane får bruke meir IKT naturleg integrert i timane, dei vert meir digitalt kompetente når dei må vurdere arbeidet sitt og korrigere det før dei leverer det i mappa. Og heim og lærar får lettare oversikt over arbeida utan at han treng store bunkar med bøker å halde orden på.

Eg vil avslutte med eit sanningsord frå Helge Sæterdal, kommunal- og utviklingskoordinator, Førde kommune. Han viser til at vi må dra lasset ilag dersom vi vil nå eit mål. Denne tankegangen er eg heilt einig i når det er endring og kvalitet vi vil utvikle i skulen.

"Det har handlet om å skape en endringskultur hvor vi legger vekt på kvalitet i alt arbeidet vi gjør i skolen. Det har vært en
lang prosess, men jeg er helt sikker på at ingen i dag ville velge seg tilbake til den gamle skolen."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar