onsdag 21. oktober 2009

Integrering av IKT i undervisinga, veke 43

Det er mange aktørar som har forventingar til skulen og den oppveksande slekt. Og over skulen ligg planar for korleis skule skal drivast. Noko har skulane val om kva dei vil vektlegge i undervisinga, medan andre ting er meir fastlagde. Å bruke IKT i undervisinga er ikkje valfritt. Både påboda frå "oven" og forventingane til å lære opp borna til å bli gagns menneske set press på skulen om bruk av IKT i undervisinga. (UFD, 2006)

Men læraren har to val når det gjeld korleis han/ho skal bruke IKT. Det går an å bruke IKT i vanleg undervising. Elevar kan bruke data i faga sine. Dei kan skrive, rekne, arbeide med faglenkjer og finne svar på oppgåver som læraren lagar til. Dette er ein heller enkel måte å bruke IKT på. Mange lærarar er av ulike grunnar engstelege for å bruke IKT i undervisinga. Men i mange høve er dei villige til å bruke data på den måten eg skisserer ovanfor. Men det er ikkje sikkert det blir brukt IKT så mange timar i veka for elevane. På 7. og 9. årssteget var det ca 15% av elevane som sa dei brukte PC meir enn 4 timar på skulen i veka. (ITU, 2009 s.7)

Eit anna alternativ for læraren er å sleppe meir laus IKT-bruken for elevane på skulen. Læringa må stå i sentrum, og elevane må få lov til friare og naturleg bruk av IKT i læringsprosessen.

Dette er omtala i ein artikkel i Aftenposten 09.11.00: "IKT som spydspiss i skoleutvikling?" "Den andre veien er vikrkelig å bruke IKT som spydspiss for å gjøre skolen til et laboratorium for læring."

Desse to måtane å bruke IKT på er dei reelle vala som ein lærar har i bruken av IKT i skulen. I ein artikkel i Utdanning 19.10.09: "Skolen og skjermen" kjem det fram mnge kritiske syn på bruk av IKT. Desse er eg ikkje einig i, men ein av konklusjonane der har mykje for seg: "Teknologien må ikke bli lærernes herre, men deres tjener."

Når det gjeld ansvar for pådrivinga til IKT-bruk i timane så er sjølvsagt IKT-rettleiaren viktig. Men eg er heilt samd med Philippa Lee som legg eit stort ansvar på skuleleiinga. 70% av faktorane som må til kan skuleleiinga hjelpe til med. Dei kan satse på Visjon, Kunnskap, Belønning, Ressursar og Handlingsplanar.
Eg vil seie det så sterkt som at skuleleiinga har ei avgjerande rolle for at desse 5 sukseskriteriane vert følgt opp.

Skuleleiinga må satse på kompetanseheving både for seg sjølve og for lærarane. Men det viktigaste punktet for leiinga vert å sjå til at denne setninga vert realisert:
"Skuleleiinga må vere ein aktiv pådrivar for at IKT er eit pedagogisk verkty, ikkje berre administrativt og organisatorisk." (ITU, 2009a)
____________________________________________________

Aftenposten-nett(09.11.00), IKT som spydspiss i skoleutvikling. [Internett-artikkel] Tilgjengeleg frå: http://tux1.aftenposten.no/meninger/kronikker/d173260.htm

ITU, 2009a Forskning viser. [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.itu.no/filestore/Forskning_viser/ITUMonitorFV15.pdf

ITU (2009b) ITU Monitor 2009 Skolens digitale tilstand 2009. [Internett] Tilgjengelig
frå: http://www.itu.no/filestore/Rapporter_-_PDF/ITU_monitor09_web.pdf

Lee, Philippa, Leksjon veke 43, Digital kompetanse i lokalt planarbeid, [Internett] Tilgjengeleg frå: https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/335560349$285502021$/RomArkiv/4.+Veke+43-45+-+Strategi+og+planarbeid/Veke+43+-+Digital+kompetanse+i+lokalt+planarbeid/DKL103_digital_kompetanse_i_lokalt_planarbeid_.pdf
UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet – grep, Utdannings-og forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/grep/Grunnleggende-ferdigheter/?visning=5

Utdanning (19.10.09), Skolen og skjermen. [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.utdanningsnytt.no/templates/udf20____21594.aspx

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar