søndag 11. oktober 2009

Mediekultur ved min skule, Veke 41

Øvingsoppgåve 2:
"Dersom skulen for det første framleis har skrifta og boka som fremste kulturelle objekt for læring, sjølv om visuelle medier har tatt over mykje av barne- og ungdomskulturen rundt skulen, og for det andre nyttar PC-en knytt til avgrensa område og spesifikke verdiar knytt til skriftskulturen, blir neste spørsmålet kven sin mediekultur som blir akseptert i skulen.

Tenk gjennom korleis dette er på din skule og i ditt kollegium. Opnar ein for å trekkje elevane sin mediekultur inn i undervisninga? På kva måtar? Kva sett grenser for å få til dette?"

Når det gjeld mediekultur, så har lenge den kritiske mediekulturen vore dominerande. "Ein kan kople denne tenkinga til eit kognitivt læringsperspektiv der ein i undervisninga skal byggje på den enkelte eleven sine evner og ferdigheiter." (Erstad 2005).

Ved min skule har vi god dekning med PC-ar. Vi har ca. 4 PC-ar i kvart klasserom, vi har 2 datarom og vi har 2 traller med bærbare PC-ar. Det vert omlag 2 elevar for kvar PC. Bruken av datamaskin har auka jamnt og trutt. Dei fyrste skuleåra er det mykje opptrening i bruk av datamaskin, enkle programvare og faglege lenkjer på internett som er vanleg. Dette stemmer vel best med den amerikanske tradisjonen der læraren set kritiske grenser for kva elevane skal gjere for å utvikle faglege dugleikar.

Men i dei eldste årsstega ved min skule kan vi sjå meir variert og kreativ bruk av media. "Media literacy is the ability to access, understand and create communications in a variety of contexts." (Buckingham, 2003 s. 5).

Den kreative kompetansen vert meir vektlagt i denne europeiske medietradisjonen. Mykje av mediebruken ved min skule kan eg kjenne igjen gjennom kreativt arbeid. I programmet "West Point Bridge Designer" kan elevane byggje bruer. Elevane kan få oppgåve som å lage den finaste, sterkaste eller den billigaste brua. Då må elevane bruke kreativitet. I eit anna progam som heiter "Pivot" kan elevane lage animasjonar. Å lage ein animasjonsfilm er både utviklande, gjevande, og krev kreative tankar. Vi viser filmane til kvarandre og dermed inspirerer kvarandre i vidare fantasi og utvikling. Dette å lage eige medieprodukt er ein komponent som Svein Østerud finn viktig i "media literacy".

”Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper og holdningar ved bruk av digitale medier for mestring i det lærende samfunnet.” (Erstad, 2005 s. 12). I den nordiske mediekulturen er både ferdigheiter, danning og samarbeid vektlagde. Ved min skule får elevane ofte lage presentasonar om eit eller anna emne. Ofte kan dette vere gruppeoppgåver. Der står elevane fritt til å til finne kunnskap, leite fram bilete eller filmar som høver til emnet, redigere bileta i boletredigeringsprogram (Paint Shop Pro), sette saman alt i ein heilskap, og presentere resultatet for klassa. I slike arbeid vil elevane bruke ulike former for media kreativt. I siste veka før haustferien var eg ute i friminuttet og hadde vakt. Då dukka der opp elevar som tok ei mengde bilete og film om elevaktivitetar i friminutta. Dei heldt på samle stoff som dei skulle bruke vidare i timane. Så både Facebook, You Toube og eigne mediearbeid vert brukt i samarbeid med andre elevar og læraren. Dette finn eg svært interessant.

Alt i alt vil eg seie at vi har ein bra kreativ mediekultur ved min skule. Det som er utfordringa er at enkelte lærarar er redde for å sleppe seg lause frå læreboka. Nokre kjenner seg digitalt ukompetente. I tillegg har skulen ikkje filmkamera.
_______________________________________________________

Buckingham, David (2003): Media Education. Literacy, learning and Contemporary Culture. Cambridge, Polity Press

Erstad, Ola (2005): Digital kompetanse i skolen - en innføring. Oslo, Universitetsforlaget.

1 kommentar:

  1. Photo Story3 er eit flott verkty for digitale arbeid. 8. klassingane mine lærde å bruke det på 2-3 timar. Dei skulle lage eit reklameinnslag. Først viste eg noko eg sjølv hadde laga, så brukte eg 10-15 min på å vise dei grunnleggande funksjonane, og så fekk gruppene hjelp undervegs, mellom anna med å hente inn lyd med Audacity og å regulere tid for vising av kvart bilete. Denne gongen fekk dei stele fritt frå nettet, men vi snakka om kva som er lov å leggje ut så andre kan sjå det.
    Feilen mange gjer, er at dei "underviser" i staden for å gje oppgåver som elevane kan lære gjennom.
    Per Nistad

    SvarSlett