torsdag 15. oktober 2009

Refleksjonar veke 42

Øvingsoppgåve 2

Morten Søby er ein av mange som har satt fokus på digital kompetanse. Tittelen "Digital skole hver dag" viser oss ein viktig vei. Vi må bruke digitale hjelpemiddel kvar dag. Det tyder ikkje at læreboka skal ut, men den må suplerast med ein digital kultur for læring slik at vi kan utnytte alle fordelar. IKT må integrerast naturleg i undervisinga. (Søby, 2005 s.4) I epilogen i "ITU-Digital skole hver dag" kan vi studere skulereforma "Digital sømløs hverdag." Her er skissert eit glansbilete av ein skulekvardag. Men er dette berre tomme ord? Nei. Det er ikkje alle skular som har kome dit idag, men vi må alle vite kvar vegen går vidare. Vi må kunne sjå eit mål,- noko å strekkje oss etter.

I "Program for digital kompetanse 2004–2008" ser vi digital kompetanse saman med utdanningspolitikk og pedagogikk. Kvalitet i utdanninga, motivasjon for læring, læringsformer, læringsutbytte og digital kompetanse for alle er dei viktigaste tema. Programmet hadde 4 satsingsområde:
  • Infrastruktur og tjenester av høy kvalitet
  • Kompetanseutvikling
  • Digitale læringsressurser, læreplaner og arbeidsformer
  • Forskning- og utvikling

Nokre av måla der har skulen kome langt med. Det er særleg utbygginga av infrastruktur. Eg er også bra nøgd med mykje av den forskinga som årleg vert gjennomført. Men det vil ikkje seie at måla er nådde. Kompetanseutvikling i alle ledd må gjennomførast mykje sterkare. Det samme gjeld satsinga på digitale læringsressursar, læreplanar og arbeidsformer.

Det er når alle komponentane i uttrykket digital kompetanse for alle i skulen dreg i samme retning vi vil sjå nødvendige resultat. Alle eikene i kompetansehjulet må vere på plass for at hjulet skal gå rundt. Noko eg ser verkeleg verdien av, er eit nytt senter for kunnskapsbygging innan digital kompetanse og digital danning. Dette er også omtala i "Program for digital kompetanse (2004-2008) - posthumt." Eg er også einig med samandraget i ITU Monitor 2009 der det mellom anna står:

"Det er avgjørende at det samtidig gjennomføres kompetanseheving hos lærere, at infrastrukturen er tilstrekkelig og at skolen og læreren har utviklet tydelige læringsmål. ITU Monitor 2009 viser at en motivert og kompetent lærer som har støtte fra skoleledelsen har langt bedre forutsetninger for å ta i bruk digitale verktøy. Digitale verktøy virker inn på skoleprestasjonene og elevens digitale kompetanse når de brukes på en systematisk, faglig og pedagogisk måte." (ITU, 2009 s.4)
_________________________________________

ITU Monitor 2009. Skolens digitale tilstand. [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.itu.no/filestore/Rapporter_-_PDF/ITU_monitor09_web.pdf

Program for digital kompetanse (2004-2008) - posthumt. [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.idunn.no/ts/dk/2008/04/program_for_digital_kompetanse_24-28_-_posthumt [Lasta ned 15.10.2009]

Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett ] Tilgjengeleg
frå: http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf [Lasta ned 15.10.2009]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar